| Nytt
11.12.2008 - Gulen kommune har fått ny heimeside
Torsdag 11. desember 2008 vart den nye heimesida til Gulen kommune lansert på siste kommunestyremøtet før nyttår. Du finn heimesida på www.gulen.kommune.no
Denne gamle heimesida til Gulen under www.hafs.no vert ikkje oppdatert lengre. Hugs difor å oppdatere Favoritter dersom du framleis har denne sida lagra på pc'en din.
05.12.2008 - Røyste på ordførar Trude som Årets kommuneprofil?
Melding frå Kommunal Rapport:
Ordfører Trude Brosvik er ein av åtte kandidatar i Kommunal Rapport si kåring av årets kommuneprofil. Prisen skal gå til en politikar eller leiar i kommunesektoren som har utmerkt seg i løpet av året. No kan du være med og røyste fram kandidaten frå kommunen din. Røystinga startar torsdag 4. desember, og går fram til og med 11. desember.
04.12.2008 - Møtepapir til kommunestyre 11.12.08 er lagt ut...
........under "Skjema og dokument" i menyen til venstre, i mappa "Møtepapir - Gulen kommunestyre".
Møtekode 08-07.
03.12.2008 - Møte i formannskapet 02.12.08
Protokoll frå møtet ligg no på Møtepapir - Gulen formannskap under "Skjema og dokument" i menyen til venstre.
Protokoll frå møte 13.11.08 er og lagt inn.
28.11.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune. Søknadsfrist innan 15.12.08.
Gulen kommune har no fleire spanande stillingar ledige. Vi nevner: Ingeniør, 100 % fast stilling, Vernepleiar/barnevernspedagog 100 % fast stilling og hjelpepleiar/assistent 50 % vikariat.
Tips vener og kjende som kan tenkje seg å jobbe i den flotte kommunen vår!
25.11.2008 - Offentleg ettersyn - budsjett 2009 og økonomiplan 2009-2012
Formannskapet sitt framlegg til budsjett for Gulen kommune 2009 og økonomiplanen for dei neste fire åra ligg ute til offentleg ettersyn på kommunehuset og denne nettstaden. Kommunestyret skal behandle saka 11. desember.
18.11.2008 - Helseundersøkinga etter Sløvåg - eksplosjonen
Har du fått innkalling til Helseundersøking?
Helseundersøkinga skjer i leigde lokaler - det gamle BKK-bygget på Duesund - på venstre side av vegen når du kjem vestafrå på RV 570.
Det er særs viktig at så mange som mogleg møter til time - også dei som føler seg friske - for å få eit rett bilete av situasjonen.
Dersom den timen du har fått ikkje passar, kan du bytte med andre i familien, eller ringe oss (tlf. 47 64 01 96) så gjer me endringar.
05.11.2008 - Miljøprisen 2008
Veit DU om skular, verksemder, lag og organisasjonar eller privatpersonar som har gjort ein innsats for miljøet?
31.10.2008 - Dagleg leiar i nye GMU A/S?
"Nye" Gulen og Masfjorden Utvikling A/S søkjer etter dagleg leiar, som skal ha ei sterk rolle i næringsutvikling og vidare vekst i Gulen og Masfjorden.
Søknadsfrist: 05.november 2008.
31.10.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune.
Gulen kommune har no ledige stillingar innan barnehage og skule. Søknadsfrist: 14.11.08.
28.10.2008 - Ny heimeside på gang
Like før sommarferien 2008 inngjekk Gulen kommune kontrakt med ein ny levarandør av kommunal heimeside.
20.10.2008 - Høg vannføring måndag 20.10.08
Tidevannsvarsel nr 14 , 2008 fra Meteorologisk institutt, Vervarslinga på Vestlandet.
Utstedt mandag 20. oktober 2008, kl. 03:54 UTC
Vestlandet
Varsel for strekningen Lista til Kristiansund
Risiko for høy vannstand, estimert til 50-70 cm over høyden oppgitt i tidevannstabellene, ventes
i ettermiddag.
Sjå også vannstands tabell på Meteorologisk institutt sine internettsider: http://retro.met.no/cgi-bin/vannstand-tabell.cgi
16.10.2008 - Kulturkomiteen på Stortinget vitjar Gulen Fredag 17 oktober
Kulturkomiteen er i Gulen i samband med ein rundreise i Sogn og Fjordane der dei vitjar fleire stader, blandt anna Gulatinget.
15.10.2008 - TV-AKSJONEN 19.OKTOBER 2008
Melding frå fylkesaksjonleiar:
Støtt opp om verdas største dugnad og vis at Sogn og Fjordane framleis er verdas beste fylke!
TV-aksjonen går i år til Blå Kors sitt arbeid med førebygging, behandling og oppfølging av enkeltpersonar og familiar som slit med rusbruk både i Noreg og utlandet.
15.10.2008 - Møtepapira til Hovudutvalet for plan og utvikling 17.10.08
Møtepapira finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling.
15.10.2008 - Informasjon i høve eigedomsskatt
Gulen kommune har vedteke å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen. I samband med dette skal alle eigedomar synfarast utvendig og takserast.
10.10.2008 - Folkemøte om Setenesfjellet og Brosviksåta vindkraftverk
Kommunehuset i Eivindvik tysdag 21. oktober 2008 kl 1900.
Arrangør: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
08.10.2008 - ANBOD PÅ ANLEGGSARBEID
Det skal opparbeidast turstinett og etablerast sandvolleyballbane på Tusenårsstaden Gulatinget.
Entrepenørar og firma som ynskjer å gje anbod på arbeidet, vert beden om å ta kontakt med prosjektleiar Anne-K. Misje.
Tlf. 57782006
Epost anne-karin.misje@gulen.kommune.no
08.10.2008 - Riksantikvaren yter tilskot til freda bygg.
Søknadsfrist 15. november.
Kulturavdelinga i fylket gjer råd om søknadsprosedyre.
Søknadsskjema: ekspedisjonen i kommunen
19.09.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Gulen kommune har no fleire spanande stillingar ledige. m.a. einingsleiar, avd. sjukepleiar, sosialkonsulent og stillingar innanfor skuleverket. Søknadsfrist 06.10.08.
17.09.2008 - Ny omsorgspris til Gulen!
Linda Hantveit og Nina Haveland Sleire vart tidlegare i år tildelt Sjukepleiarprisen 2008 for strålande arbeid i høve til personar som treng lindrande behandling ved slutten av livet.
No gratulerer vi Oddny Trædal med Demensprisen 2008, som vert utdelt på ei markering av Alzheimardagen 21. september. Det er vel fortent!
10.09.2008 - Kommuneplan for Gulen kommune 2008 – 2020 - Offentleg ettersyn
Førstegongs utlegging 08.09.08. kl. 12:55.
I medhald av plan- og bygningslova §20-5, 2. ledd jfr. § 27-1, vert framlegg til arealdelen av kommuneplanen for Gulen kommune kunngjort. Formannskapet i Gulen kommune vedtok 21.08.2008 at framlegget skulle leggast ut til offentleg ettersyn.
Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Offentleg Ettersyn.
10.09.2008 - Møteprotokoll HPU 05.09.08
er lagt ut. Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling.
08.09.2008 - Infoposten 5-08 på veg i posten til deg som bur i Gulen.
Her kan du smugtitte på den i fargar, viss du opnar Skjema og dokument i menyen til venstre, og ser under Infoposten - kommunal informasjonsavis.
03.09.2008 - Biskopen kjem
Eg vil berre minne om at biskop Ole D. Hagesæther kjem til Gulen kyrkje på sundag kl. 11.00 for å ha avskjedsgudsteneste for Ytre Sogn prosti i samband med at han går av som biskop 30. november.
Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi m.m. på Ungdomshuset.
Jens prest
03.09.2008 - Møteprotokoll HOP 020908
er no lagt ut i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for Oppvekst.
01.09.2008 - Bilete frå Vassbruksmiljødagen!
Kopier linken under og lim den inn i adressefeltet i internettprogrammet ditt.
http://www.kystsogevekene.no/Takle08.htm
01.09.2008 - Turbo Rock!
Familiecamp på Gulatingsplassen 6.-7. september.
Bindande påmelding innan 1.september til
Maike Bøe tlf. 95 74 98 01
Sjå plakaten i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
29.08.2008 - Møteinnkalling HPU 05.06.2008
Innkalling, sakspapir og sakstilfang ligg under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling, i Skjema og dokument i menyen til venstre.
27.08.2008 - Ledig stilling som landbruksvikar
Sjå utlysingsteksten i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Landbruk.
27.08.2008 - Ledig årsvikariat som sosialkonsulent
GULEN KOMMUNE har ledig eit års vikariat, som sosialkonsulent, med mogelegheit for fast tilsetjing.
100 % stilling som sosialkonsulent/rådgjevar innan sosialtenesta. For tida ligg stillinga innan Gulen kommune si sosial og barnevernteneste, etter 1.kvartal 09, går den inn i Nav.
25.08.2008 - Ledig stilling
I perioden 01.08.08-31.07.09 er det ledig 100 % stilling vikariat, som interkommunal rekneskapskontrollør i HAFS.
Søknad med kopiar av attestar og vitnemål kan sendast innan 05.09.2008 til
Solund kommune v/skatteoppkrevjaren, Postboks 73, 6921 HARDBAKKE
20.08.2008 - Tildeling av hjorteløyver 2008
Gulen kommune har tildelt i alt 603 hjorteløyver i år, dette er 87 fleire dyr enn i fjor. Fellingsprosenten for 2007 var 90%.
18.08.2008 - Oversyn over planlagde politiske møte til hausten.....
........finn du under Skjema og dokument, i mappa Politikk. Merk at hovudutvalet for omsorg (HOM) har møte andre datoar enn publisert i juni.
13.08.2008 - LEDIGE STILLINGAR I GULEN KOMMUNE
Det er fleire ledige stillingar i Gulen kommune, mellom anna
reinhaldarar, sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar ved Gulen sjukeheim
13.08.2008 - Manglar du breiband? Nytt sjansen no!
Gulen kommune har ei konkret avtale med Enivest AS om utbygging av breiband til alle i Gulen. Det er viktig at alle som ynskjer breiband tek kontakt med Enivest sjølv for å få rask framdrift i utbygginga. Enivest har no ei melding til dykk......
11.08.2008 - Grunnskulepoeng 2007 - Gulen på 11.plass i landet med 43,2 poeng!!
Og nr. 2 i Sogn og Fjordane, berre slått av Hornindal som hadde 44,5.
Det er her snakk om resultatet til avgangselevane på ungdomsskulen, og dei har gjort det veldig bra. GRATULERER!!
Ynskjer du å lese meir, gå inn på http://www.bt.no/utdanning/article607951.ece og/eller http://www.bt.no/utdanning/article607815.ece
07.08.2008 - Jegerkurs 2008
Oppedal/Brekke skyttarlag og Gulen Jeger og sportsfiskarlag arrangerer obligatorisk praktisk jegerkurs for nye jegerar 30-31. august og 6.-7. september. Kurset er på 30 timar.
Oppstart i Oppedal Bygdehus 30. aug. kl 10.00.
28.07.2008 - SAL AV KOMMUNALE HJORTELØYVER 2008
Oversikt over kommunale hjorteløyver som ligg for sal, finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Viltforvaltning.
08.07.2008 - Miljøvernministeren kjem til Gulen 9. juli 08
Program:
12.15 Omvisning i Sløvåg
13.00 Ope møte på Eidsbotn grendahus
13.45 Avreise Eidsbotn
14.30 Lunsj og møte med Gulen formannskap i Gulatingsalen, Eivindvik (kommunehuset)
15.30 Omvisning på Tusenårsstaden Gulatinget (Heidi Grande Røys vert med)
02.07.2008 - Miljømedisinsk vurdering av kjemikalieulykken i Gulen
Rapporten er no lagt ut på vår heimeside. Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Rapportar.
02.07.2008 - Gulatinget - Konferanse 23.-24. juni
Her er bilete frå formaliseringa av det Nordeuropeiske Tingstadnettverket. Representantane frå tingstadene i Norge, Island, Skotland, Orkenøyene, Færøyene og Grønland bekrefta at dei ønska eit samarbeid.
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Tusenårsstaden - Gulatinget.
25.06.2008 - Intensjonsavtale underteikna på Gulatingskonferansen
Deltakarane på Gulatingsseminaret 23. og 24. juni i Gulen underteikna intensjonsavtale om å etablere eit tingstadnettverk. Med fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i spissen vart avtalen signert av Grønland, Island, Færøyane, Scotland Høgland og Øyar, Man og Noreg.
24.06.2008 - Folkemøte i Gulen onsdag 2. juli
Gulen kommune, Masfjorden kommune, Folkehelseinstituttet og Statens forureiningstilsyn innbyr til folkemøte onsdag 2. juli kl. 17.00 på Dalsøyra samfunnshus. Tema for møtet er helsemessig vurdering av situasjonen etter Vest Tank-ulukka og ei orientering om status for oppryddingsarbeidet.
Etter avtale med Gulen kommune overleverer fagfolk frå Folkehelseinstituttet den miljømedisinske ekspertvurderinga si til kommunen onsdag 2. juli i samband med folkemøtet.
20.06.2008 - Møteprotokoll HPU 130608
er lagt ut under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling, i Skjema og dokument i menyen til venstre.
17.06.2008 - Sommarens konsertprogram på Skjerjehamn
Laurdag 5. Juli: Jumping Jive band
Fredag 11. Juli: Olav Stedje
Laurdag 12. Juli: Olav Stedje
Onsdag 16.juli: Heidi Torsvik Band (kjem med plate truleg til hausten, og har hytte på Sandøy..)
Torsdag 17.juli: Real Ones (ny plate sist veke)
Fredag 18.juli: Mads Berven Kvartett (vossajazz-prisvinnar 2008)
Laurdag 26.Juli: Sondre Lercke og Julian Bertnzen
31. Juli –03. August UTKANT-08 sjå: http://www.utkant.com
13.06.2008 - Tusenårsstaden Gulatinget - Årsrapport for 2007
Finn du no i Skjema og dokument i menyen til venstre, under TUSENÅRSSTADEN - GULATINGET.
13.06.2008 - Rapport om helseplager i Gulen og Masfjorden
Då to av tankane ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen kommune eksploderte 24.05.2007, vart det ein
kraftig brann i tankanlegget. Brannen førte til mykje røyk, og mange som var i nærleiken opplevde ubehag
av den forureina lufta.
Les meir i Skjema og dokument i menyen til venstre, under RAPPORTAR.
13.06.2008 - Jegerprøveeksamen - Obligatorisk jegerkurs
Gulen kommune held eksamen for Jegerprøven, torsdag 3.juli 2008, kl.14.00 på administrasjonsbygget i Eivindvik.
Det kostar kr 250 å gå opp til eksamen, dette må betalast på førehand.
For meir orientering ta kontakt på tlf.57782045
11.06.2008 - Wergeland på Verkland - markering 200 års jubileum
TYSDAG 17. JUNI KL. 16.00 PÅ VERKLAND I GULEN FEIRAR VI AT DET ER 200 ÅR SIDAN HENRIK WERGELAND VART FØDT.
06.06.2008 - Møteinnkalling HPU 13.06.08
Innkalling, sakspapir og sakstilfang ligg under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling, i Skjema og dokument i menyen til venstre.
04.06.2008 - Møteprotokoll HOP 030608
finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - hovudutval for oppvekst.
04.06.2008 - UTKANT-08. Program for helga 31. juli - 3. august
Plakaten finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
04.06.2008 - Problem med å kome inn på Skjema og dokument
Filarkivet vårt i venstre meny, under "Skjema og dokument", fungerer no.
29.05.2008 - Infoposten 4-08 er lagt ut på heimesida.
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - kommunal informasjonsavis.
Du som bur i Gulen får denne i posten i neste veke, men då er den i lite format og svart/kvitt.
29.05.2008 - Songarstemne Gulen 2008
31. mai - 1. juni vert det konsertar rundt omkring i Gulen grunna Songarstemnet arrangert av Dalsøyra Songkor og Brekke Mannskor. Desse oppmodar bygdefolket om å presentere bygda si med flagg desse dagane.
Plakaten med program finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
28.05.2008 - Kunngjering
Det vert i samsvar med plan- og bygningslova §27-1, nr 2 varsla om at Hovudutval for plan og utvikling i Gulen kommune har vedteke å legge følgjande reguleringsplan med tilhøyrande føresegner ut til offentleg ettersyn:
Planrapport og kart finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Offentleg ettersyn.
21.05.2008 - Aktivitetsplan for Kystsogevekene
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
21.05.2008 - Jubileumsmarsj 28. mai til Breidvikstølen!
Barnas turlag avd. Gulen arrangerer sin eigen Jubileumsmarsj i samband med at Sogn og Fjordane Turlag i år er 25 år. Jubileumsmarsjen har Breidvikstølen som hovudmål, og ein legg denne dagen opp til ein kombinasjonstur. På den måten håpar me at både store og små føter kan finne eit godt turalternativ og dermed bli med oss å jubilere denne.
Bilettekst: Turlagstur til Breidvikstølen i 2006
15.05.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune.
Søknadsfrist: 31.05.08.
15.05.2008 - Spelemidlar - Elektronisk søknadsskjema frå 2008
Frå og med 2008 må ALLE søknadar om spelemidlar leverast elektronisk via nettsida www.idrettsanlegg.no
Alt underlag til søknaden må også overførast til elektronisk form.
15.05.2008 - Skuleborn i rollespel på Gulatinget
5. juni vert det utprøving av eit nytt pedagogisk tilbod for skuleborn i Sogn og Fjordane, med rollespelet "Kampen mot konfliktane!"
For program for dagen, sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
18.04.2008 - Ungdomsrådet takkar for gåve!
Ungdomsrådet takkar hjarteleg for gåve frå næringsaktørar i kommunen!
18.04.2008 - Ny Infopost - 3-08 April
Den er på veg i posten! No kan du sjå den i fargar viss du ser i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - Kommunal Informasjonsavis. Husk å sjå på 3-08 April!
18.04.2008 - Møte i Ungdomsrådet
Tysdag 22. april kl. 9.15 i Rådsalen på kommunehuset.
18.04.2008 - Heimesider!
To av skulane våre har heimesider. Under finn du direkte linkar til desse sidene. Det er berre å trykke på!
www.byrknes.skule.no
www.dalsoyra.skule.no
18.04.2008 - "Om og av Sivle" på Dalsøyra Skule
Sjå plakaten i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
18.04.2008 - Treng du sommarjobb?
Då er dette kanskje noko for deg.
Sjekk ut "Sommarjobbar" under Oppslag i Skjema og dokument i menyen til venstre.
10.04.2008 - Møteinnkalling for hovudutvalet for omsorg 14.04.08
er no lagt ut på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for omsorg.
09.04.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 28.04.08.
28.03.2008 - Barnas Turlag - Turboturar 2008
Har du lyst på tur?
Barnas Turlag har mange ulike turmål, som passar både for store og små. Sjekk lista over turboturar! Dei finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
26.03.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 15.04.08.
11.03.2008 - Teljing av hjort på innmark våren 2008 i Gulen Kommune
Dette vert niande året vi føretek hjorteteljing på innmark i Gulen.
Resultat frå tidlegare teljingar ligg her på heimesida, under Skjema og dokument i menyen til venstre, finn du Viltforvalting. Sjå etter dokumentet Vårteljing av hjort.
11.03.2008 - Frå Gulating til Storting
Mandag 3. mars hadde ein delegasjon frå Gulen kommune ved ordførar Trude Brosvik, Prosjektleiar for Tusenårsstaden Gulatinget Anne-K. Misje og Utviklingsdirektør v/United World College Magne Bjergene eit hyggjeleg møte med Stortingspresident Jagland.
11.03.2008 - "Hjortestoff"
Høyring på rullering av Viltplan for Gulen kommune, gjeldande for 2008 - 20012, sjå Skjema og dokument under Viltforvaltning.
Innkalling til årsmøte i Ytre Gulen Hjortevald den 19.mars kl.20 på Byrknes skule, sjå Skjema og dokument under Viltforvaltning.
10.03.2008 - Konsert og diskotek på Dalsøyra fredag 14.3 !
Elevbedrifta AKT på Dalsøyra skule arrangerer konsert og diskotek som elevbedrift fredag 14. mars på Dalsøyra. Musikkinnslag frå Gulen og Masfjorden.
07.03.2008 - Etableringstilskot til unge busetjarar!
Gulen kommune vil frå 2008 gje tilskot til busetjarar i kommunen under 45 år. Du kan få tilskot på kr 40 000 til kjøp av bustad eller bygging. Lagar du i stand utleigebustad i kjellaren eller liknande, får du kr 20 000 ekstra (må godkjennast). Retningsliner ligg under Skjema og dokument i venstre meny, i mappa Etableringstilskot.
29.02.2008 - Møte i hovudutval for plan og utvikling 07.03.07
Sakspapir ligg no på Møtepapir - Gulen, Hovudutval for plan og utvikling under Skjema og dokument i menyen til venstre.
29.02.2008 - Eigedomsskatt 2008, Kunngjering
Skattelista for eigedomsskatt (verk og bruk) vert lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på Kommunehuset i 4 veker frå 1. mars 2008.
28.02.2008 - Vitjing i Det Kongelige bibliotek
Laurdag 16. februar var prosjektleiar for Gulatinget,
Anne-K. Misje, og ein delegasjon frå Sogn og Fjordane, i Det Kongelige Bibliotek i København for å sjå Gulatingslova i original. Den er bevart i den såkalla "Rantzauboka", som ligg i handskriftsavdelinga ved biblioteket.
Bilete: Prosjektleiar Anne-K. Misje ved Rantzauboka.
27.02.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 15.03.08.
07.02.2008 - Transport UKM fredag 8. februar
Minner om UKM på Dalsøyra kl.19:00! Se www.ukm.no
Det vert sett opp transport som følger (kr 50): Buss frå Sløvåg kl.17:45, buss frå Brekke kl.17:30 som går via Nordgulen kl.18:10.
Retur etter diskoteket: Båt frå Dalsøyra kl.00:45 via Eivindvik og til Mjømna, buss frå Dalsøyra til Brekke kl.00:30
01.02.2008 - Møte i hovudutvalet for oppvekst 29.01.08
Måteprotokoll er no lagt ut på heimesida. Du finn dei i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for oppvekst.
28.01.2008 - Oppmuntringssamling for alle Gulingar!
Hugs samlinga på Dalsøyra skule 30.01.08, der humørbonden Geir Styve varmar opp møtelyden til ei skikkeleg god økt om utviklingsarbeid i Gulen framover.......
25.01.2008 - Ny vitjing frå frå Island på Gulatinget!
Tysdag 29. januar får Gulatinget storfint besøk av gjester frå Snorrestova kultur- og forskingsenter på Reykholdt, Island.
24.01.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 10.02.08.
15.01.2008 - Bli medseglar i Tall Ships Race 2008!
Er du mellom 15 og 25 år kan DU bli med SS Statsraad Lehmkuhl, eller ei av dei andre av dei største seglskutene i verda, på ein uforgløymeleg og nervepirrande kappseglas frå Bergen til Den Helder 12.08.08 - 20.08.08.
09.01.2008 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 26.01.08.
09.01.2008 - Kunngjering - budsjett 2008 og økonomiplan 2008-2011
Budsjett for Gulen kommune 2008 og økonomiplan 2008–2011 vart vedteke 14.12.07, i K.sak 121/07. Forskrift om kommunale gebyr og avgifter m.m. for 2008 vart vedteke same dato. Du finn detaljinformasjon under Skjema og dokument i menyen til venstre, i mappa Budsjett.
07.01.2008 - Resultat frå hjortejakta 2007
Resultata finn ein under skjema og dokument, Viltforvaltning til venste i menyen
Det vart fellingsrekord i år med 461 felte dyr, nesten 90% felling. Alle data vil også vere tilgjengeleg i Hjorteviltregisteret innan 20 februar.
02.01.2008 - Revidert handlingsprogram for 2008-2009 i fylkesplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
Planen, som er vedtatt i fylkestinget 11.12.2007, ligg no under Skjema og dokument, Kultur, i menyen til venstre.
21.12.2007 - Politiske møte våren 2008
Møteplan våren 2008:
|
Politisk organ |
Januar |
Februar |
Mars |
April |
Mai |
Juni |
|
Kommunestyre |
|
7 |
13 |
24 |
|
19 |
|
Formannskap |
17 |
1, 21 |
6, 27 |
17 |
8, 29 |
5 |
|
Hovudutval for administrasjon |
17 |
1, 21 |
6, 27 |
17 |
8, 29 |
5 |
|
Hovudutval for plan og utvikling |
|
15 |
|
11 |
|
6 |
|
Hovudutval for oppvekst |
29 |
26 |
|
8 |
|
3 |
|
Hovudutval for omsorg |
28 |
25 |
|
7 |
|
2 |
19.12.2007 - Møteprotokoll frå kommunestyret 14.12.07
er no lagt ut. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Kommunestyret.
05.12.2007 - Møteprotokoll frå Hovudutval for plan og utvikling 031207
er no lagt ut. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling
05.12.2007 - Invitasjon til Ungdomens Kulturmønstring 2008
Ungdomsrådet har i samarbeid med Kulturkonsulenten bestemt å arrangere
Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Gulen 8. februar kl.19:00 på Dalsøyra Samfunnshus.
30.11.2007 - Infoposten 10-07 Desember
er no lagt ut på heimesida. Sjekk Infoposten - Kommunal Informasjonsavis i Skjema og dokument i menyen til venstre.
28.11.2007 - Rapporten om handteringa av Vest Tank-ulukka er no klar
I etterkant av Vest Tank-ulukka har involverte offentlege organ evaluert oppfølginga av hendinga, med sikte på å vere betre rusta for framtida når det gjeld beredskap ved liknande høve.
26.11.2007 - Påminning om utvida hjortejakt i Gulen
Fylkesmannen har i forskrift 8.oktober 2007 fastsett utvida jakt for hjort i Gulen kommunen. Den utvida jakttida er frå 10.09 til og med 30.11. Forskrifta gjeld for inneverande år 2007/2008 og fram til og med 31.mars 2012.
22.11.2007 - NB! Varsel om frist for søknad på spelemidlar til idrettsanlegg
Nye anlegg: 1. november inn til kommunen
Søknadar som vert gjentekne: 10. desember inn til kommunen, som sender søknadane vidare til fylket 15. januar
Alle søknadar må ha førehandsgodkjenning
Det kan søkast om førehandsgodkjenning heile året
08.11.2007 - Sjøredningskorpset i Gulen og Solund ynskjer fleire frivillige korpsmedlemmer.
Vi har i dag 5 stasjonar/baser; Furnes, Byrknesøy og Eivindvik i Gulen, Nåra og Hardbakke i Solund.
08.11.2007 - 17,5 mill kr. til aktivitetar innanfor Rock, Jazz, Folkemusikk og Verdensmusikk
Søknadsfrist: 15.nov.
25.10.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 10.11.07.
17.10.2007 - Kunngjering frå Sjøredningskorpset i Gulen!
Sjøredningskorpset i Gulen og Solund ynskjer fleire frivillige korpsmedlemmer.
16.10.2007 - Val av medlemar i ulike meddommarutval med meir.
Kommunestyret skal utpeike medlemar til ymse utval på møtet den 13. desember. Her kan DU kome med forslag til kandidatar.
16.10.2007 - Ledig stilling Eivindvik Fjordhotell
Eivindvik fjordhotell søkjer kokk, heiltid, frå snarast
12.10.2007 - Møteprotokoll frå kommunestyret 11.10.07
er lagt ut på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre under Møtepapir - Gulen Kommunestyre.
11.10.2007 - Feil ved utsending av eigedomsavgifter for 2. halvår
Ved ein er det utsendt to sett faktura for vass-, kloakk-, renovasjons- og feiingsavgifter i desse dagar. Den eine har forfall 19.10.2007, og skal betalast på vanleg måte. Den andre fakturaen er den same som vart utsendt i vår (med forfall 10.05.2007). Denne skal ikkje betalast, og kan kastast. Gulen kommune er lei for feilen, som skuldast ein glipp hjå vår fakturaprodusent.
11.10.2007 - Utvida jakttid for hjort i Sogn og Fjordane til og med 30. november.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har laga forskrift om utviding av hjortejakta. Innhaldet i skrivet finn du her.
11.10.2007 - Skipingsmøte Ytre Gulen hjortevald
Det vert skipingsmøte i Ytre Gulen hjortevald på Byrknes skule laurdag 27.oktober 2007 kl. 14.00.
04.10.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 20.10.07.
04.10.2007 - Kunngjering av ledige stillingar for private
Slike stillingsannonsar vert lagt ut på heimesida fortløpande etterkvart som dei kjem inn. Du finn dei ved å sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
02.10.2007 - Luktplager etter Vest Tank-eksplosjonen
Etter klager frå bebuarar i området om framleis luktplager frå Vest Tank AS sitt anlegg i Sløvåg, har Gulen kommune kontakta SFT. Dei opplyser at det enno står ein del containarar med slam etter ekslosjonen hos bedrifta. Desse er tildekka med presenning og avgir til vanleg ikkje lukt. Innhaldet i containarane vert køyrd med slambil til Renor i Brevik for sluttbehandling (destruksjon). Kvar gong ein container vert opna og tømt for slam vil det oppstå lukt.
Bedrifta ved operasjonsleiar Ronny Monslaup opplyser at alle containarane vil vere tømt innan utgangen av oktober. Grunnen til at det ikkje kan gjerast raskare er at det er kapasitetsproblem hos Renor.
Bedrifta har løyve til mottak av farleg avfall. Dette løyvet er ikkje trekt tilbake av SFT. I følgje SFT har bedrifta pr i dag ikkje drift, og mottar heller ikkje farleg avfall. Avtalen med SFT er at bedrifta skal melde frå til dei når dei igjen startar opp med mottak av farleg avfall.
Gulen kommune vil følgje saka nøye og ha ein tett dialog med SFT. Oppryddinga skal skje på ein måte som gjev minimale luktutslepp, og så fort som mogeleg.
27.09.2007 - Haustrydding i Gulen laurdag 6.oktober.
For deg som bur langt frå gjenbrukstasjonane går det ei rydderute kvar vår og haust. På desse rutene kan du kasta mykje det same som på gjenbrukstasjonen.
26.09.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 15.10.07.
25.09.2007 - Breibandsutbygging hausten 2007
Kommunen har etter ein omfattande anbodsrunde skreve kontrakt med Enivest as om restutbygging av breiband i Gulen kommune.
Avtalen omfattar både utbygging av telesentralar, samt trådlaus restdekning for alle områda i kommunen som ikkje vert dekka via telesentral.
19.09.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 22.09.07
19.09.2007 - Ledige stillingar hjå BKK Matre
Bkk Produksjon as, avd. Matre har fleire ledige stillingar.
19.09.2007 - Kunngjering av ledige stillingar for private verksemder
Kommunen vil som ei prøveordning kunngjere ledige stillingar for private verksemder på heimesida. Dette gjeld for verksemdar i og i kommunen sitt nærområde.
For kunngjering eller meir informasjon ta kontakt med: postmottak@gulen.kommune.no
13.09.2007 - Viltforvaltninga opplyser
om at no er den ferdige Viltkartlegginga lagt ut på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Viltforvaltning. Der finn du også ei oversikt over tildelte hjorteløyve for 2007 og Infohefte 2007.
11.09.2007 - Valresultat Gulen
Mandatfordelinga for ny kommunestyreperiode vart slik: Sp 6, Krf 5, H 4, Ap 3, V 3. Klikk Les meir for namn på valde medlemar og vara.
Meir tal om valresultatet finn du her: http://www.regjeringen.no/krd/html/valg2007/bk2_14_11.html
10.09.2007 - Møteinnkalling HPU 14.09.07
Innkalling og sakspapir, samt sakstilfang, er no lagt ut på heimesida. Du finn dei i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling.
06.09.2007 - Etablerarkurs i HAFS - Leirvik kro og motell
Det vert arrangert kurs for deg som har ein forretningsidè du ynskjer å utvikle, eller som er i oppstartsfasen av ei nyetablering. Påmeldingsfrist 10. september. Sjå Skjema og dokument i venstre meny, under Oppslag.
06.09.2007 - Røystetid på valdagen 10. september
Røystetid på valdagen er:
· kl 10.00 - 18.00 i røystekrinsane Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik
· kl 12.00 – 18.00 i dei andre røystekrinsane
06.09.2007 - Hjortejakt – Forvaltning - Merkeprosjekt
Onsdag 12.september kl.20.00 vert det ope møte på Oppdalsøyra grendahus. Arve Aarhus v/Hjortesenteret på Svanøy vil orientere om følgjande tema:
- Hjorteforvaltninga i Gulen
- Sett Hjort registreringar
- Hjorteviltregisteret
- Merkeprosjekt på hjort
05.09.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 15.09.07.
31.08.2007 - Møteinnkalling HOP 4. september.
Innkalling og sakspapir er no å finne i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for oppvekst.
30.08.2007 - Førehandsrøysting i Gulen
Førehandsrøystinga på kommunehuset i Eivindvik er godt i gang. Det er ope for røysting frå kl 10 til kl 14 kvar arbeidsdag til og med 7. september. Det er og høve for alle til å førehandsrøyste ved bu- og omsorgssentra. Opningstidene er slik:
23.08.2007 - Obligatorisk praktisk JEGERKURS for nye jegerar på Brekke Skule.
Oppstart 1. september kl. 10.00.
Kurset går over 4 dagar: 1.-2. og 8.-9. september = 30 timar. I tillegg er det 9 timar sjølvstudie som kan gjennomførast på www.njff.no - jegerprøve.
Arrangør: Oppedal / Brekke Skyttarlag og Gulen Jeger- og Sportsfiskarlag.
Pris: kr. 1200,- ( medlem i arrangørlaga får refundert halvparten)
23.08.2007 - Bygdekino på Dalsøyra Samfunnshus.
17.08.2007 - Konsert med The Brazz Brothers på Tusenårsstaden Gulatinget 25. august
The Brazz Brothers – ein reisande musikkinstitusjon! Musikkglede og improvisasjonskunst. Tre gongar brør Førde og to ganger brør Tafjord. Alle frå Langevåg på den lille øya Sula utanfor Ålesund. I tillegg bak trommene: Marcus Lewin frå Eskilstuna i Sverige. Der har du fenomenet The Brazz Brothers.
Billetter vert selde v/inngang: Vaksne kr. 220,- / Born kr. 100,-
N.B. Familierabatt! Familiar betaler kun for eitt barn.
N.B! Grillparty frå kl. 18 og fram til konsertstart.
17.08.2007 - Hjortejakt 2007 - sal av kommunalt løyve
Gulen kommune har i år for sal eit fellingsløyve på vakse hodyr på Prestegarden (Eivindvik).
17.08.2007 - Barnas Trafikklubb
Å bli ein trygg og god trafikant tek mange år, og det er viktig å starte trafikkopplæringa tidlig. I trafikklubbane er opplæringa tilpassa barnet, og det skal vere både inspirerande og morosamt å lære. Barnas Trafikklubb er klubben for barn frå 3 – 5 år.
17.08.2007 - Kystsogevekene 2007 er i gang!
Gulen er spesielt aktiv i år, med mange morosame arrangement for store og små!
Trykk på les meir og finn ut kva som skjer denne helga.
15.08.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 31.08.07.
02.08.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 20.08.07.
25.07.2007 - Dagleg omvising med foredrag om Gulatinget på Tusenårsstaden Gulatinget
Frå 2. juli til 19. august vil guidinga føregå på norsk kl. 12 og på engelsk kl.13. Det er muleg for grupper å bestille tid utanom oppsett program.
Sjå den flotte plakaten under Tusenårsstaden Gulatinget, i Skjema og dokument i menyen til venstre.
24.07.2007 - Infoposten 7-07 Juli
er no lagt ut på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - Kommunal Informasjonsavis.
16.07.2007 - Folkemøte på Dalsøyra 23. juli
For å sikra naudsynt informasjon ut til innbyggjarane våre om ulukka ved Vest Tank AS sine anlegg i Sløvåg, arbeidet som har vore gjort, og dei undersøkingane som har vore gjennomførte vert det arrangert folkemøte
Måndag 23. juli kl 1700 i samfunnshuset på Dalsøyra.
16.07.2007 - Det skjer i Dingja i sommar
Dingjadagen vert arrangert laurdag 21 juli.
Kunstutstilling 14. juli til 4. august.
12.07.2007 - Nytt om Kommunedelplanen
Kommunedelplanen, samfunndelen – mål og strategiar er vedteken. Denne finn ein under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Kommuneplan 2007-2020.
Handlingsplanen for 2007-2010 er lagt ut på høyring med frist for å sende inn merknader og innspel innan 1. september. Desse kan t.d sendast inn via kommuneplan@gulen.kommune.no
Handlingsplanen finn ein og underSkjema og dokument i menyen til venstre, under Kommuneplan 2007-2020.
11.07.2007 - Omvisning på Gulatinget i sommar
Det vert arrangert daglege omvisningar med foredrag i tidsrommet 2. juli - 19. august.
Omvisning på norsk kl. 12.00
Omvisning på engelsk kl. 13.00
Vaksne kr. 50,-
Barn kr. 30,-
Kontakt: Turistinformasjon 91 35 56 99
10.07.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 03.08.07.
10.07.2007 - SFT: Avfall fra Probo Emu eksploderte ikkje
SFT har motteke dokumentasjon frå Vest Tank as i forhold til om det var last frå tankskipet "Probo Emu" som var på tankane som eksploderte i Sløvåg. SFT konkluderar i dag med at det ikkje var avfall frå "Probo Emu" som eksploderte.
Du kan lese heile pressemeldinga frå SFT her: http://sft.no/artikkel____41329.aspx
05.07.2007 - Ikkje naudsynt med bruk av maske i Gulen
I går var Gulen kommune vertskap for eit stort samordningsmøte i samband med eksplosjon i Sløvåg 24.05.07. Møtet gav god informasjonsutveksling om kva dei mange ulike aktørane i saka har gjort til no, og kva som skal gjerast vidare.
Folkehelseinstituttet hadde til møtet sendt ei helserisikovurdering, basert på luftprøver tatt 2-3 veker etter eksplosjonen. Instituttet vurderer at "det ikke foreligger direkte helserisiko knyttet til eksponering for disse stoffene nå. Imidlertid vil den svært lave luktterskelen for merkaptaner gjøre at man vil kunne sjeneres av lukten avhengig av vindretning i forhold til branntomt."
Medieoppslag etter møtet kunne gi eit inntrykk av at Gulen kommune tilrår bruk av maske i området, og kommunen har fått telefonar om dette i dag. Vi vil difor presisere at situasjonen pr i dag ikkje tilseier at dette vil bli aktuelt.
05.07.2007 - Val 2007 - Manntalet er lagt ut
Manntalet er i dag lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen i kommmunehuset, jf vallova § 2-6. Krav om rettingar skal meldast skriftleg til Gulen kommune, valstyret, 5966 Eivindvik, snarast.
05.07.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 26.07.07.
28.06.2007 - Skjerjehamn - Helt konge!
Oddvar Torsheim kjem. Odd Børretzen og Lars Martin Myhre kjem. Nora Brockstedt kjem og mange fleire. Kjem du?
Programmet er no lagt ut på heimesida. Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
Helga 3.-5. august skjer det på Skjerjehamn! Avdukingsseremonien er laurdag 4. august.
25.06.2007 - Pristilbod på anlegg
Nedanfor finn du ei liste over leverendørar til ballbingar. Denne vart vist fram på fotballforbundet si eiga anleggsvisning i mai.
25.06.2007 - GARDSKART PÅ INTERNETT
No er Gardskarta oppdatert etter innspel frå grunneigarar.
Gardskart på internett er ei passordbeskytta teneste. Alle eigarar og brukarar av landbrukseigedommar kan få passord og tilgang til sitt gardskart. Det er Skog og landskap som tildeler passord (sjå internett adresse).
Gardskartet syner fulldyrka areal, overflatedyrka mark, innmarksbeite, skog og anna mark.
Innmarksareala på gardskartet vert nytta som grunnlag ved søknad om produksjonstilskott pr 31.07.07.
Det vil vere ei kontinuerleg oppdatering av gardskartet.
Internett adressa er: http://www.skogoglandskap.no/kart/gardskart_pa_internett
22.06.2007 - PRESSEMELDING - MILJØRETTA HELSEVERN - UTSLEPP FRÅ VEST TANK AS SINE ANLEGG I SLØVÅG-
Gulen kommune fylgjer utviklinga etter eksplosjonen ved Vest Tank AS sine anlegg i Sløvåg svært nøye. Det har vore tatt mange prøvar av både drikkevatn, gassutslepp og slam frå tankgarden, nokre av kommunen sjølv men dei fleste av Vest Tank AS. Kommune har vore i kontakt med Folkehelseinstituttet, og fått råd om å avventa prøveresultat, før ein eventuelt set inn tiltak. Ingen av dei prøveresultata ein har fått til no, gir grunn til uro.
15.06.2007 - Kommunestyret 21.06.07 og ymse andre utval - sakspapir
Kommunstyremøtet startar kl 12.00 i Gulasalen på kommunehuset i Eivindvik, og er ope for alle interesserte.
Sakspapir er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Gulen kommunestyre. Her ligg og eit par saker som skal opp i hovudutvalet for plan og utvikling kl 9 same dagen, og ei sak som skal opp i hovudutvalet for administrasjon kl 11 same dagen.
Årsmelding for 2006 (sak 42/07) ligg i Skjema og dokument under Årsmeldingar, medan innspel til kommuneplan ligg under Kommuneplan 2007-2020.
13.06.2007 - Konsulent landbruk - Ledig stilling i Gulen kommune
Søknadsfrist: 26.06.07
11.06.2007 - Fylkestinget på Tusenårsstaden Gulatinget
Onsdag 13. juni 2007.
Opning v/ ordførar Trude Brosvik kl. 11.00.
Møtet er ope for alle.
08.06.2007 - Lukt i Sløvåg
I etterkant av eksplosjonen på Vest Tank AS sitt anlegg i Sløvåg 24.05.07 har det vore klaga på dårleg lukt, og folk har vore usikre på kva denne lukta/gassen har innehalde av kjemiske stoff.
Etter brannen var oppsamlingsområdet under tankane dekte av sjøvatn. Dette måtte fjernast pga. etterforskinga, og då oppsto lukta. Så snart Gulen kommune v/kommunelege Norman fekk melding om at politiet hadde frigjeve området, vart det sett i gang tiltak. Arealet er, etter råd frå ekspertar, tildekt med våt torv sprøyta med jarnklorid. Arbeidet med å fjerne avfallet er sett bort til Johny Birkeland AS, og vert starta opp så snart som mogleg.
Gulen kommune v/kommunelege Norman har kravd å få tilgang til prøveresultat både frå luft og vatn. Resultata vil for det meste liggje føre på måndag. Når resultata er klare vil ytterlegare tiltak bli sette i verk om resultata tilseier det.
07.06.2007 - Infoposten 06/07 Juni er ferdig!
Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - kommunal informasjonsavis.
Innbyggjarane i Gulen får denne i postkassa i neste veke i svart/kvitt format. Denne her er i fargar og i pdf-format, slik at det er berre 1MB å laste ned. Fantastisk! Sjekk sjølv!
Infoposten 06/07 har, i tillegg til dei vanlege postane, med Årsmelding Gulen Kommune 2006.
03.06.2007 - HPU - møte fredag 8.juni kl. 09.15
Sakliste og sakspapir er no lagt ut på heimesida. Dei finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir for Hovudutval for plan og utvikling.
03.06.2007 - NB! FOLKEMØTET 7.JUNI ER FLYTTA!
Møtet om Stadanalyse som tema er flytta til Gulasalen på kommunehuset. Tid: 7.juni kl. 20.00. På dette møtet vert det lagt opp til litt arbeid i grupper.
Møt opp og få fram dine synspunkt på framtidig utvikling av Eivindvik.
Spre bodskapen om dette møtet til alle kjente og ukjente!!
Odd Rune Våge
plankonsulent
31.05.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 16.06.07.
25.05.2007 - Løypeark for Nordsjøløypa er no klare.
Det er sett ut Nordsjøløypeskilt i Sollibotn, Flolid og i Eivindvik. Løypearka er gratis og kan hentast / bestillast på kommunehuset. Dei er å få på norsk, engelsk og tysk.
Henvend deg til Anne Karin Misje på tlf. 57 78 20 06, eller send ein mail til anne-karin.misje@gulen.kommune.no
23.05.2007 - Skulerute for skuleåret 2007-2008
Er no fastsett. Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Skule, SFO og barnehage.
23.05.2007 - NB! Hugs Folkemøte i bygdene!!
Brekkestranda 24. mai kl. 20.00
Byrknes landhandleri 29. mai kl. 18.30
Eivindvik Hotell 30. mai kl. 20.00
Dalsøyra samfunnshus 31. mai kl. 20.00
23.05.2007 - Bli med på tur til idylliske Breidvikstølen!
Måndag 28.05, 2. pinsedag, går den årlege fotturen til Breidvikstølen i Breidvik. Her går vi i lett terreng langs elva inn dalen. Stølen ligg flott til ved vatnet, og her blir det lang pause der ein kan kjøpe mat og drikke, før ein går tilbake same vegen når ein måtte ønskje det.
Ynskjer du meir informasjon, sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag.
22.05.2007 - Arrangement på Tusenårsstaden 3. juni
Kl. 12:00 Utandørs Gudsteneste
Handtverkstorg
Matservering
Kl. 14.00 Austrheim musikklag spelar
21.05.2007 - Ledig stilling som feiarsvein / feiar
Kommunane Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund oppretta felles feieteneste i 2005. Stillinga er no ledig, då den som er tilsett i stillinga, skal slutte for å ta til i ny jobb. Kommunane lyser no ut felles stilling som feier/feiarsvein. Den som får jobben, vil verte tilsett i den kommunen vedkommande vel å busetje seg, men skal arbeide i alle fire kommunane.
Søknadsfrist 15. juni 2007
16.05.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 04.06.07.
16.05.2007 - Kommunestyremøte 10.05.07 - møteprotokoll
Møteprotokoll er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre. Sjå under Møtepapir - Gulen kommunestyre.
15.05.2007 - Møteprotokoll frå HPU 09.05.07.....
er lagt ut på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling.
14.05.2007 - Vårteljing av hjort 2007
Resultatet for vårteljinga er klar. Om lag same resultatet som i 2005, altså ein oppgang frå i fjor.
Sjå resultat under Viltforvaltning, i Skjema og dokument i menyen til venstre.
14.05.2007 - Opning av Fylkesveg 7 - Dingjavegen
Endeleg er vegen ferdig og flott har den vorte! Her er eit lite glimt frå opninga, fredag 11.mai. 2007.
11.05.2007 - HØYRING!
Fullstendig utkast til Kommuneplanen sin samfunnsdel er no lagt ut til høyring på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Kommuneplan 2007-2020.
I samband med denne planen er det i dag også sendt ut eit temanummer av Infoposten. Den kjem i postkassane i neste veke. Men du kan også lese den her. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - kommunal informasjonsavis.
11.05.2007 - Møteprotokoll frå HOM 02.05.07 og HOP 08.05.07
er lagt ut. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for omsorg og under Møtepapir - Hovudutval for oppvekst.
11.05.2007 - Dingjavegen vert opna i dag!
Opninga skjer frå kl 11 i Sollibotn, og held fram utover dagen i Dingja.
Vegen er blitt veldig fin, og anlegget er eit viktig tiltak for å knyte dei ulike delane av Gulen nærare saman. Vi gler oss til å ta vegen i bruk!
03.05.2007 - Aktivitetskalender for Tusenårsstaden
er no lagt ut på heimesida. Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Tusenårsstaden Gulatinget.
Legg spesielt merke til kva som skjer den 25. august!!
03.05.2007 - TRANSPORT TIL RUSSEFESTEN Fredag 04.05.07
Buss frå Brekke 17.30 Buss frå Dalsøyra 18.15 (begge desse bussane går til Nordgulen) Buss frå Nordgulen 18.30 Ekspressbåt frå Sollibotn 19.00
Heim båt frå Byrknes 01.30 Båt på Dalsøyra 02.15 -> buss frå Dalsyøra 02.15 til Brekke 03.15. Båt i Eivindvik 02.30
Påmelding til mariabrosvik@gmail.com
03.05.2007 - Tredje gangs innkalling til møte i Hovudutval for oppvekst.
08.05.07 kl. 16.15 i Rådsalen på Kommunehuset.
Møtepapira finn du i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for oppvekst
27.04.2007 - Stilling som rådgjevar omsorg ledig
Søknadsfrist: 15.05.07
26.04.2007 - Leiarutvikling - Noko for deg?
I regi av HAFS næringsforum vert det arrangert leiarutviklingskurs.
Kurset går over 5 samlingar av 2 dagar i Solund. Første samling …juni 2007.
Eigenandel kr.3000,- for hele kurset.
For meir informasjon sjå www.solund.org
Send enkel søknad innen 15.mai til
Solund Næringsutvikling
6921 Hardbakke
e-mail: bahus@online.no
26.04.2007 - Ny Infopost gjekk i posten idag!
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - kommunal informasjonsavis.
PDF i fargar, denne gongen også!
24.04.2007 - Møteinnkallingar til HOP og HPU
er no lagt ut på heimesida. Du finn dei i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for omsorg (HOP) og Møtepapir - Hovudutval plan og utvikling (HPU).
HOP skal ha møte tysdag 24. april kl. 16.15 (UTSETT til 2.mai)
HPU skal ha møte fredag 27. april kl. 09.15
Møtelokale for begge møta er Rådsalen på kommunehuset.
24.04.2007 - LEDIGE TOMTER I GULEN KOMMUNE
Gulen kommune har ledige tomter i alle delar av kommunen:
Brekke: Ortneset og Tynning
Oppedal: Ytre stranda
Dalsøyra: Stølsåsen og Lihaug II
Eivindvik : Øvre stølen II og III, samt Mannsverket
Byrknes: Gåta
Eidsbotn: Hovden
For nærare informasjon ta kontakt med
Kjell- A. Reigstad - Rådgjevar utvikling
Gulen kommune, 5966 EIVINDVIK, Tlf 57 78 20 00
Direkte:57 78 20 03 / 97 74 79 64
Epost: kjell.reigstad@gulen.kommune.no
20.04.2007 - UNGDOMMENS GULATING 27.april!
Sjå den flotte invitasjonen under Tusenårsstaden Gulatinget i Skjema og dokument i menyen til venstre.
Påmelding og meir informasjon finn du på
04.04.2007 - OBS! Reiselivskonferanse i HAFS! OBS!
18. april 2007 kl. 09.30 – 16.00 i ÅFJORDDALEN BYGDEHUS
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre etter Oppslag. Der finn du invitasjonen!
PÅMELDINGSFRIST IDAG, onsdag 4. april.
04.04.2007 - "Ferie for alle"
Sogn og Fjordane Røde Kors inviterer til familieopphald på Hauglandsenteret 25. - 30. juni. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag. Der finn du både invitasjon og påmeldingsskjema.
Frist for påmelding: 21.mai 2007.
04.04.2007 - Skjærtorsdagsdans!
Torsdag 5. april på Byrknes. Ungdomsrådet har organisert båtskyss. Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag for å finne båttider.
Kom og ver med!!
30.03.2007 - Møteprotokollar frå formannskap, administrasjonsutval og valstyre
Møteprotokollar for formannskapet , administrasjonsutvalet og valstyret 29.03.07 er no lagt ut på heimesida. Du finn dei under Skjema og dokument i menyen til venstre, under høvesvis Møtepapir - Gulen Formannskap, Møtepapir - Hovudutval for administrasjon og Møtepapir - Andre.
28.03.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune.
Søknadsfrist: 20.04.07.
27.03.2007 - SOMMARJOBB - EIVINDVIK TURISTINFORMASJON
Vi har ledig 1–2 sommarjobbar som turistvert på turistinformasjonen i Eivindvik frå 2. juli – 19. august. I tillegg til å betjene turistinformasjonen på Eivindvik Fjordhotell, så får du også ansvaret for guiding på Gulatinget (norsk og engelsk). Arbeidstid: kvar dag kl. 10–15. Stillinga kan evt. delast på to personar.
Du må vere sjølvstendig, fleksibel, glad i å yte service og snakke rimeleg godt engelsk og tysk. Det blir halde opplæringskurs i forkant av sesongen.
For meir informasjon tlf. 57 73 90 20.
Søknad med vitnemål og attestar vert å sende innan 6. april til:
Stiftinga Jensbua, postboks 24, 6961 Dale.
23.03.2007 - Kunst og Husflidsmesse
Messedagane vert laurdag 31. mars og sundag 1. april. No er lista over utstillarar klar.
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre om du finn Oppslag. Under Oppslag er det to dokument om Kunst og Husflidsmessa på Oppdalsøyra.
14.03.2007 - Invitasjon 2007
Jobbar du med planar? Er du offentleg eller kommunalt tilsett, eller er du politikar og kanskje ei ildsjel i tillegg, eller kjenner du nokon som er ildsjel og som fortjener ei retenning?
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag. Der finn du heile invitasjonen.
09.03.2007 - Møteprotokoll
Protokoll etter møtet i Formannskapet på torsdag 1. mars er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Gulen Formannskap.
08.03.2007 - EIGEDOMSGEBYR
Søknad om fritak når det gjeld slamtømming, feiing og vatn/kloakk avgifter til Gulen kommune - send søknad til Plan, landbruk og teknisk etat, 5966 Eivindvik
Søknad om fritak når det gjeld renovasjon - send søknad til NGIR, Kjevikdalen, 5956 Vågseidet
Søknadsskjema får du ved å henvende deg til kommunen på tlf. 57782000.
07.03.2007 - Fylkes UKM blir arrangert 16. - 18. mars i Førdehuset, Førde
Lydprøve for Gulen vert laurdag 17. mars kl. 17:30-17:45 (saman med Hornindal)
Opptreden vert laurdag 17. mars frå kl. 19:30 og utover.
For meir informasjon om tider sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Kultur.
01.03.2007 - Ny Infopost gjekk i posten idag!
Her kan du lese den både i fargar og svart / kvitt. Det er ditt val!
Sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre om du finn Infoposten - Kommunal informasjonsavis.
Du får den i posten i midten av neste veke.
01.03.2007 - Møteprotokoll frå HPU...
....er no lagt ut på heimesida. Du finn den i Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for plan og utvikling.
28.02.2007 - Ledige stillingar i kommunen.
Søknadsfrist: 20.03.07.
28.02.2007 - Treng du plass i barnehage eller SFO? SJÅ HER!
Det er ledige plassar i barnehage og SFO frå 15. august 2007.
Søknadsskjema og informasjon finn du under skjema og dokument, under Skule, SFO og barnehage
22.02.2007 - Kystsogevekene 2007
Diverse informasjon er no lagt ut på heimesida. Sjå i Skjema og dokument i menyen til høgre, under Kystsogevekene 2007.
Lag og organisasjonar som planlegg arrangement under Kystsogevekene kan sende melding til vår Kulturkonsulent på e-post anne-karin.misje@gulen.kommune.no
14.02.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 02.03.07
07.02.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 24.02.07.
02.02.2007 - Steinkrossen i Eivindvik - kvifor pakke ein steinkross inn i svart plast?
Det kan vere at nokon undra seg i haust då steinkrossen som står i Krossteigen ovanfor kommunehuset i Eivindvik, blei pakka inn i svart plast. Innpakkinga var eit felles tiltak mellom Gulen kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bergen museum.
01.02.2007 - INFOPOSTEN 02/07 - FEBRUAR
Ja, her er den første ordinære Infoposten i år!
Den kjem i posten til alle innbyggarar i Gulen i løpet av neste veke, men då i svart / kvit -format. Ynskjer du å sjå den i fargar?
01.02.2007 - Har du ei lita eller har du nett starta ei ny verksemd?
Då kan dette vere noko for deg!
Regionrådet Nordhordland IKS inviterer til Kurs i sal og marknadsføring.
Les meir i Infoposten, eller sjå i Skjema og dokument i menyen til venstre. Der er ei overskrift kalla Oppslag, og invitasjonen ligg der.
26.01.2007 - Kulturkonsulenten informerer:
Søknadsfristen for Gildefondet er 28.januar!
26.01.2007 - Møte i HOM og HOP på tysdag 30.01.07
HOM ( Hovudutval for omsorg) skal møtast i Rådsalen på kommunehuset kl. 16.00.
HOP ( Hovudutval for oppvekst) skal møtast på Dalsøyra Barnehage kl. 16.15.
Sakliste og sakspapir er no lagt ut under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Møtepapir - Hovudutval for omsorg og Møtepapir - Hovudutval for oppvekst.
22.01.2007 - Innspel til planprogram
På folkemøtet på torsdag 18. januar kom det mange innspel til planprogramet til Gulen Kommune.
Desse er no lagt ut under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Kommuneplan 2007-2020.
Ynskjer no tilbakemelding med prioritering av dei ulike innspela, eventuelt å få fleire innspel.
NB! Frist for tilbakemelding er fredag 26. januar.
17.01.2007 - Velkomen til Folkemøte på Dalsøyra!!
Torsdag 18. januar 2007 kl. 19.30.
11.01.2007 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 29.01.07.
11.01.2007 - Møteinnkalling - andre møter, torsdag 18.01.07, kl. 18.00
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre. Sjå under Møtepapir - andre møter.
10.01.2007 - Viltforvaltinga informerer!
Det er no lagt ut to rapportar på heimesida:
Notat om vårteljing Gulen Kommune
Teljing hjort samla.
10.01.2007 - Temanummer av Infoposten
I starten på neste veke kjem eit temanummer av Infoposten ut i postkassene. Den handlar om kommuneplan, og har eit par møteannonsar.
Som vanleg vert den også lagt ut her på heimesida.
05.01.2007 - Idrettsplanen er no lagt ut her på heimesida.
Den er å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Planar.
Dette er Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2006-2009. Den er no rullert, det vil sei at den har gått igjennom ny politisk behandling. Den vart godkjend i siste kommunestyre før jul.
15.12.2006 - Planprogram på høyring (kommuneplanen)
Kommuneplanen skal reviderast i 2007. Det er laga eit planprogram som fortel noko om kva som vert dei viktigaste sakene å drøfte. Dokumentet ligg i menyen til venstre, under Skjema og dokument og vidare Offentleg ettersyn. Planprogrammet skal liggje på høyring fram til 26. januar 2007.
18. januar er det planlagt folkemøte på Dalsøyra, for å informere, drøfte og få innspel til det vidare planarbeidet. Merk av datoen, vi kjem att med meir informasjon seinare.
10.12.2006 - Opningstider i jula
Ekspedisjonen til Gulen kommune har ope mellom kl. 10.00 og 14.00 i romjula. Ring sentralbordet 57782000. Ynskjer alle ei riktig GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!
07.12.2006 - Infoposten Desember 2006
I desse dagar kjem papirutgåva av julenummeret til Infoposten ut til hustandane i Gulen.
Du finn den også under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Infoposten - kommunal informasjonsavis.
07.12.2006 - Plan for kommunale bustader til brukarar med særlege behov
Denne planen ligg no til offentleg ettersyn i Ekspedisjonen på kommunehuset.
Den skal opp til politisk behandling neste år.
Du finn den under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Offentleg ettersyn.
07.12.2006 - Resultat frå hjortejakta 2006
Det vart tildelt 535 hjorteløyver i 2006. Samla avskyting for heile kommunen vart 412 hjortedyr, dvs. 77% av tildelt kvote. Av dette vart det felt 81 kalvar og 331 voksne dyr.
Til samanlikning vart det felt 433 hjortedyr i ifjor, med utvida jakt i 14 dager.
Samla resultat finn de ved å gå til "Skjema og dokument" i menyen til venstre.
02.12.2006 - Protokoll frå formannskapsmøte 28.11.06
Det er no lagt ut protokoll frå møte i formannskapet 28.11.06. Du finn vedtaka under skjema og dokument i menyen til venstre.
30.11.2006 - Ledige stillingar i kommunen.
Søknadsfrist: 15.12.06
29.11.2006 - Forslag til lokal forskrift om gjødselvarer
Hovudutval for Plan og Utvikling (HPU) har i møtet 24.11.06 vedteke å sende framlegg til lokal forskrift om gjødselvarer av organisk opphav ut på høyring.
Dette forslaget finn du no under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Landbruk.
29.11.2006 - Landbrukslån
Dei som ynskjer landbrukslån må no søke Innovasjon Norge om dette.
Meir informasjon finn du under Skjema og dokument i menyen til venstre, eller på www.innovasjonnorge.no
29.11.2006 - Stillheit og ro - verdier og kunnskap
Direktoratet for naturforvaltning, Norsk forening mot støy og SFT inviterer til konferansen "Stillhet og ro - verdier og kunnskap" torsdag 7. desember 2006.
29.11.2006 - Juletre-hogst
Barnas Turlag, avd. Gulen, inviterer til juletre-hogst på Grinde.
Søndag 17. des. frå kl. 12.00 kan du ta med familien til Ron og Marie på Grinde for å hogge juletre.
Sjå plakaten under Skjema og dokument i menyen til venstre, under Oppslag. Der finn du meir informasjon om prisar og tider, og ikkje minst aktiviteter denne søndagen.
29.11.2006 - Møteprotokollar
Det er no lagt ut møteprotokollar for møte i Hovudutval for Omsorg (HOM), Hovudutval for Oppvekst (HOP) og Hovututval for Plan og Utvikling (HPU).
Du finn desse under Skjema og dokument i menyen til venstre.
24.11.2006 - JULEMESSE I BÅLEN 3.DESEMBER kl. 11.00 - 17.00
Med tilsaman 28 lokale og nye utstillarar, vert det mulegheit til å kjøpe litt ymse innan både kunst og handverk.
Du finn plakaten med blant anna oversikt over utstillarar under Skjema og dokument i menyen til venstre, under OPPSLAG.
23.11.2006 - Møte i Formannskapet 28.11.06 kl. 12.00
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og Dokument i menyen til venstre.
23.11.2006 - Møte i Hovudutval for Administrasjon 28.11.06 kl. 11.00
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre.
17.11.2006 - Møte i Hovudutval for Plan og Utvikling 24.11.06
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre.
17.11.2006 - Møte i Hovudutval for Oppvekst 21.11.06
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre.
17.11.2006 - Møte i Hovudutval for Omsorg 21.11.06
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre.
13.11.2006 - Ny utviklingsplan for Tusenårsstaden Gulatinget
Den nye utviklingsplanen for Tusenårsstaden Gulatinget er for perioden 2006-2010.
Gjer merksam på at planen enno ikkje er politisk godkjend.
Den skal handsamast i kommunestyremøte 14.12.06.
13.11.2006 - Ledig stilling
GULEN KYRKJELEGE FELLESRÅD
Har frå 1. januar 2007 ledig stilling som
KYRKJETENAR i 10% fast stilling med arbeidsstad Mjømna Sokn.
Søknadsfrist: 1.desember 2006
13.11.2006 - GASSKRAFTVERK I GULEN?
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har mottatt melding frå BKK AS om eit gasskraftverk.
BKK AS planlegg å byggje eit gasskraftverk med tilrettelegging for CO2-håndtering enten på Mongstad i Lindås kommune, i Sløvåg i Gulen kommune eller på Kollsnes i Øygarden kommune. Som alternativ til mobile gasskraftverk i regi av Statnett, vil BKK AS utrede ei trinnvis utbygging.
11.11.2006 - Møte i formannskapet 15.11.06
Formannskapet skal ha møte kl 14 på kommunehuset i Eivindvik. Saker og sakstilfang er no å finne i menyen til venstre under Skjema og dokument.
06.11.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist 18.11.06
02.11.2006 - Hjortejakta 2006
Gulen kommune har fått inn ein del førespurnader om utvida jakt i 2006.
Etter ein ringerunde rundt til valdsansvarlege i kommunen og ei generell vurdering utfrå gjeldande regelverk om utvida jakt, blir det ikkje forlenga jakt i 2006.
Siste jaktdag er 15. november.
01.11.2006 - Protokoll frå HPU-møtet 27.10.06
Det er no lagt ut protokoll frå møtet i Hovudutvalet for Plan og Utvikling 27.10.06. Du finn vedtaka under Skjema og Dokument i menyen til venstre.
30.10.2006 - Vindmølleparkar i Gulen Kommune
Desse planane er i ein tidleg fase, og det vil verte høve til å uttale seg om saka. Følg med på nyheitene på heimesida.
24.10.2006 - Breibandløft i Gulen
Prosjektet "Breibandløftet Sogn og Fjordane" har som mål å sikre utbygging av breibandkapasitet til grendelag i fylket, som ikkje vil få slik utbygging gjennom kommersielle aktørar.
24.10.2006 - INVITASJON TIL HØYRINGSSEMINAR - KULTURTILSKOT
Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å invitere lag, organisasjonar, institusjonar, kommunar, festivalar, og andre kulturaktørar til å drøfte framlegg til nye retningsliner for ulike kulturtilskot som no er ute på høyring.
19.10.2006 - Saker til møte i hovudutvalet for plan og utvikling 27.10.06
Du finn saker til møtet under Skjema og dokument i menyen til venstre.
19.10.2006 - Saker til møte i Gulen formannskap 26.10.06
Saker til møtet ligg under "Skjema og dokument" i menyen til venstre.
17.10.2006 - Protokoll frå møte i Gulen kommunestyre 12.10.06
Du finn no protokollen under Skjema og dokument i menyen til venstre.
06.10.2006 - Innkalling til møte i kommunestyret 12.10.06
Du finn innkalling til møtet under Skjema og dokument i menyen til venstre.
29.09.2006 - Retting til INFOPOSTEN 05/06
Etter at Infoposten for Oktober i dag gjekk i trykken, vart det oppdaga ein feil. Rettinga er å finne under Infoposten i Skjema og dokumenter i menyen til venstre.
29.09.2006 - Møte i Hovudutval for Omsorg 03.10.06
Sakliste og sakspapir er no å finne under Skjema og Dokument i menyen til venstre.
21.09.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 06.10.06.
21.09.2006 - Møte i Hovudutval for Oppvekst 27.09.06
Sakliste og sakspapir finn de under Skjema og Dokument i menyen til venstre.
18.09.2006 - Høyring - utbyggingsavtalar
Kommunestyret skal i møte 12.10.06 behandle sak der det vert vurdert om vi skal ta i bruk utbyggingsavtalar i Gulen kommune.
15.09.2006 - "Fjordaferda" - kulturformidling direkte til folk.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane kjem på fjordaferd med veteranbåten "Atløy". Det vert utstillingar om fiskaren og bonden sitt liv, og ulike slag produkt for sal.
12.09.2006 - Protokoll frå møte i HPU 08.09.06.
Protokoll frå møte i Hovudutval for plan- og utvikling den 08.09.06, finn du under Skjema og dokument på heimesida.
30.08.2006 - Gratis etablerarkurs i HAFS!
Har du ein etablerar i magen? Nytt sjansen no. Kurset inneber 3 samlingar á to dagar, med fokus på ulike deler av utvikling av eige prosjekt.
24.08.2006 - Kulturarrangement i samband med Kystsogeveka
Her er ei lita oversikt over lokale arrangement i Gulen i denne periopden.
I same slengen minnar vi også om at påmeldingsfristen for Gulatingseminaret er 25. august!
17.08.2006 - Ny utgåve av Infoposten
Augustutgåva av Infoposten er no klar under Skjema og dokument. Her kan du mellom anna lese sakliste til kommunestyret sitt møte 31.august.
17.08.2006 - Pærebrann påvist i Eivindvik
Plantesjukdommen pærebrann er påvist på bulkemispel i Eivindvik i Gulen kommune. Alle bulke- og pilemispel i dette området må no fjernast.
17.08.2006 - Folketalsutviklinga i 2006
Gulen har til no i 2006 hatt ein folketalsnedgong på 5 personar. Til no er 9 personar fødde, medan 10 er avlidne. 34 har kome til kommunen, medan 38 er utflytte.
Etter første halvår er vi 2412 gulingar. Det ser betre ut no enn etter 1. kvartal, då vi var 2404. Har folketalsnedgongen stoppa opp, eller er det berre tilfeldige variasjonar?
17.08.2006 - Næringsfondet 2006
Etter nokre år med låg påfylling av midlar til næringsfondet, har Gulen kommune i 2006 fått kr 493 000 frå staten til å utløyse ulike typar næringsretta tiltak. Midlane kan mellom anna nyttast som tilskot til nyetableringar, nye utviklingsprosjekt i eksisterande bedrifter, breibandsutbygging og andre næringsretta fellestiltak. Søknad om støtte må sendast før prosjektet vert starta opp, og vert behandla fortløpande av hovudutvalet for plan og utvikling.
Retningsliner for ordninga finn du under menyvalet Skjema og dokument.
17.08.2006 - Vitjing frå Island på Gulatinget
Tusenårstaden Gulatinget vart måndag vitja av direktøren for Tingvellir på Island, Sigurður K. Oddsson m/frue, samt tidlegare miljøvernminister og leiar for Thingvallakomiteen Ossur Skarphedisson. Sistnemnde er ein av tre Alltingsmenn som sit i Thingvallakomiteen. Komiteen er styre for nasjonalparken Tingvellir. Med i delegasjonen var også kulturentrepenør og journalist Sigurbjörg Árnadóttir.
16.08.2006 - Ledig stilling i Gulen kommune
Søknadsfrist: 28.08.06
07.08.2006 - Deponi for lågradioaktivt avfall
Søknad frå Wergeland-Halsvik AS om løyve til verksemd etter forureiningslova og godkjenning etter strålevernforeskrifta.
01.08.2006 - Invitasjon og program for Gulatingsseminaret 2006
Her finn du program og invitasjon til Gulatingsseminaret 2006. Du kan laste det ned under menyen skjema og dokument til venstre.
18.07.2006 - Utsett tildeling av hjorteløyve 2006
Gulen kommune vil først i august få sendt ut tildelte fellingsløyver for hjort. Vi beklagar dette.
18.07.2006 - Skuleåret 2006/2007
Første skuledag er måndag 21. august.
14.07.2006 - Hjortejakt - sal av løyver
Gulen kommune har hjorteløyver som det no vert høve til å melde si interesse for å kjøpe.
13.07.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 05.08.06.
12.07.2006 - Møteplan haust 2006
Her kan du sjå oversikt over kor tid dei politiske møta hausten 2006 skal finne stad.
12.07.2006 - Reidun K. Halland sluttar som rådmann
Reidun K. Halland sluttar som rådmann i Gulen kommune i oktober. Reidun byrjar i ny stilling i Wergeland Holding, som økonomisjef/controller. Les her kva Reidun seier om tida i Gulen kommune:
23.06.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Mange interessante stillingar er no ledige. Søknadsfrist 10.07.06
16.06.2006 - Protokoll frå møte i hovudutvalet for plan og utvikling 15.06.06
Du finn vedtaka under Skjema og dokument i menyen til venstre
13.06.2006 - Spreiing av silopressaft og husdyrgjødsel
Litt informasjon rundt temaet finn du meir om her. Under Skjema og dokument, landbruk finn du søknadsskjema som kan nyttast i samband med behov for utsett frist.
13.06.2006 - Protokoll frå møte i hovudutval for oppvekst 13.06.06
Protokollen er no å finne under menyen til venstre Skjema og dokument.
08.06.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 23.06.06.
16.05.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune.
Søknadsfrist: 05.06.06
15.05.2006 - Fagrapport om hjorten i Gulen
No har kommunen v/ Norsk Hjortesenter fått utarbeidd Fagrapport om Hjorten i Gulen, utviklingstrekk og bestandsestimat. Målet med rapporten er bla. å kome med råd om framtidig forvaltning av hjort i Gulen. Du finn rapporten under skjema og dokument, vilforvaltning.
04.05.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 20.05.06
24.04.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 05.05.06.
21.04.2006 - Adresseprosjektet sluttbehandling
Formannskapet har i møte 20.04.06 gjort vedtak i høve namn på adresseparsellar i Gulen kommune. Framlegget finn du under Skjema og dokument. Sluttbehandling i kommunestyret 27.04.06
11.04.2006 - Politiske møter i april 06
Det er mange politiske møter i april. Her kan du sjå ein oversikt over kor tid dei ulike møta finn stad. Viktige saker som strategiplan for pleie og omsorg og adresseprosjektet skal avgjerast i næraste framtid.
07.04.2006 - Planar om idretts- og symjehall i Sløvåg
Her ligg informasjon om arbeidet med symjehall i Sløvåg. Anlegget ligg inne i kommunen sitt prioriterte handlingsprogram 2006-2009 i kommunedelplan for idrett og friluftsliv. Illustrasjon og skisse finn du under menyen til venstre Skjema og dokument, Planar.
04.04.2006 - Høyring - strategiplan for pleie og omsorg
Ei arbeidgruppe beståande av politikarar, fagfolk og tillitsvalde har arbeidd fram ein strategiplan for pleie og omsorg. Du kan lese plandokumentet under Skjema og dokument, Planar. Kommunestyret skal ha planen til behandling 27.04.06
04.04.2006 - Skule i tett samarbeid med næringslivet
Skulane i Gulen ser det som svært viktig å ha nært samarbeid med næringslivet for å gje elevane større innsikt i arbeids- og næringsliv. Her kan du sjå Partnerskapsavtalen som Dalsøyra skule nyleg inngjekk med Wergeland - Halsvik AS
31.03.2006 - Jensbua søkjer tømrar, snikkar eller arbeidslag
Spennande jobb ledig, frist 15.04.06.
17.03.2006 - "Med havdur i øyre" - på hardangerjekta S/J Mathilde, Eivindvik 24. mars kl 19.30
I programmet ”MED HAVDUR I ØYRE” vil publikum få møte dei mange ulike musikalske uttrykka som kjenneteiknar kystkulturen, både fiskarviser og andre folketonar. Saman med song, hardingfele og harmonium (trøorgel) vert denne kulturskatten kledd inn i vare og vakre arrangement.
Utøvarar:
Elin Grytting, song
Einar Mjølsnes, hardingfele
Sigbjørn Apeland, trøorgel
Konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesmusikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane
10.03.2006 - Nyttig informasjon frå landbruksnæringa og viltforvaltninga
Du finn m.a. nytt om: Skogdag på Østerbø (Ikjefjorden), Møte om rovdyrtap i utmark, Årsmøte i Gulen hjorteutval, Fagmøte om framtidig hjorteforvaltning i Gulen, Jegerkurs i Gulen, Vårteljing om hjort og anna nyttig informasjon.
Infoen ligg under Skjema og dokument (lista til venstre), i mappa Viltforvaltning. Dokumentet heiter Utsending februar 2006.
08.03.2006 - Temamøte om ungdom - kropp - slanking
Foreldreutvalet ved Byrknes barnehage og skule skipar til interessant møte den 29.mars kl. 17.00. Les innbydinga her...
07.03.2006 - Samhandling ved evt. utbrot av fugleinfluensa
Kommunen har motteke informasjon om korleis samhandlinga skal organiserast ved eit evt. utbrot. Bekjempelse av eit utbrot vil primært vere Mattilsynet sitt ansvar. De kan lese heile brevet her..
02.03.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist: 18.03.06.
28.02.2006 - Opptak barnehage, SFO og musikkskule
Søknadsfrist er 01.april 06.
28.02.2006 - Kunngjering - eigedomsskatt
Eigedomsskattelista for 2006 ligg ute til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset i perioden 01.03.06 til 01.04.06.
17.02.2006 - Gladmelding - Rom for kreativitet
Dalsøyra skule har saman med 5 andre skular i Sogn og Fjordane fått Lego-robot frå Tekna-Sogn og Fjordane.
17.02.2006 - Ope møte Dalsøyra skule 2. mars kl. 18
Møtet vil ta for seg det spanande temaet born og media. Stig Rune Lofnes frå BARNEVAKTEN vil ta for seg ulike tema som internett, mobiltelefon og dataspel.
17.02.2006 - Kommunedelplan for stadfest informasjon (geodata) og kommunedelplan for plan- og byggesaksområdet i kommunane i region Nordhordland og Gulen
I medhald av § 20-5 i plan og bygningslova er nemnde utkast til kommunedelplanar for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy for perioden 2006 – 2009 for dei nemnde verksemdområda lagt ut til offentleg høyring.
15.02.2006 - Kunngjering
Kommunedelplan for stadfest informasjon (geodata) og kommunedelplan for plan- og byggesaksområdet ligg ute til høyring.
15.02.2006 - Ledig stilling i Gulen kommune - kart
Sommarjobb i Gulen kommune - kartoppgåver
09.02.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Sommarvikar i Gulen kommune?
18.01.2006 - Ledig stilling i Gulen kommune
Søknadsfrist 06.02.06
13.01.2006 - Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet
Planen for 2006 til 2009, som mellom anna inneheld det spennande prosjektet om symje-/idrettshall i Sløvåg, vart godkjent av kommunestyret den 15. desember 2005. Planen med kartvedlegg og saksframstillinga ligg under "Skjema og dokument", i kategorien "Planar".
09.01.2006 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist er 20.01.06
03.01.2006 - Møteplan vår 2006
Møteplan for dei kommunale utvala er no fastsett, og du finn den her for gjennomsyn.
22.12.2005 - Resultat frå hjortejakta 2005
Det vart tildelt 520 hjorteløyver for jakta i 2005. Samla avskyting for heile Gulen kommune vart 433 hjortedyr, dvs 83,3% av tildelt kvote. Av dette var 85 kalvar og 348 vaksne dyr. Dette er den høgste avskytinga vi har hatt i Gulen.
Samla resultat finn de ved å gå til ”Skjema og dokument” under menyen til venstre.
21.12.2005 - Julehelsing frå ordføraren
Eg er av dei som gledar meg over lange, mørke kveldar og ”sofa-kos”. Men i følgje husbonden så er dette ein illusjon, sidan eg har innført 12-timers arbeidsdag. Det er nok ikkje fullt så gale heile tida, men eg tippar det er mange som kavar med å få timane i døgnet til å rekke.
19.12.2005 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Søknadsfrist er sett til 15.01.06.
13.12.2005 - Julekonsertar 2005
Julekonsertane i kyrkjene har ”alltid” vore dei store musikalske dugnadssatsingane gjennom året. 2005 er inga unnatak, men heller eit prov på at den musikalske dugnadsanda er styrka.
09.12.2005 - Kreftomsorg i Gulen
Det er utarbeidd ein brosjyre om tilbodet innan kreftomsorga. Brosjyra finn du under skjema og dokument i menyen til venstre, under katalogen Pleie og omsorg.
25.11.2005 - Hjortejakta 2005 - innsending av skjema
No nærmar deg seg jaktslutt for 2005. Jakta vart utvida med 14 dagar til og med 29. november 2005. Sett hjort skjema, rapportskjema og slaktevektskjema skal sendast kommunen innan 10 dagar etter siste jaktdag, dvs skjema skal vere innkome til kommunen seinast 9. desember 2005.
25.11.2005 - Har du gløymt Gardskarta ??
Gulen kommune sendte ut info saman med Gardskart, der returfristen var 25.06.05. Det er enno ikkje for seint å sende inn kartet.
11.11.2005 - Forlenga hjortejakt 2005
Hovudutvalet for Plan –og utvikling har i sak.106/05 vedteke å forlenge hjortejakta med 14 dagar, frå og med 16 november til og med 29 november 2005.
03.11.2005 - Diverse protokollar
Protokoll frå møte i hovudutval for omsorg, oppvekst og frå møtet i kommunestyret er no å finne under Skjema og dokument i menyen til venstre.
26.10.2005 - Møte i hovudutval for oppvekst 01.11.05
Sakliste og sakspapir finn de under skjema og dokument i menyen til venstre.
24.10.2005 - Møte i Hovudutval for omsorg 26.10
Sakliste og sakspapir ligg under Skjema og dokument i menyen til venstre.
10.10.2005 - Nye møtedatoar
Etter møteplanen skulle det vere kommunestyremøte den 19.oktober, no vert dette eit formannskapsmøte. Neste kommunestyremøte vert då 1.november.
23.09.2005 - Protokoll frå møte i Gulen kommunestyre 22.09
Sakliste, saker og protokoll finn du under menyen til venstre Skjema og dokument.
21.09.2005 - Internettsida MinFastlege er no tilgjengeleg
Trygdeetaten har no lansert ei personleg nettside der alle kan logge seg på for å finne ut meir om fastlegeordninga si. Klikk her: https://is.trygdeetaten.no/rtv-minfastlege/innbygger/visloginside.do
14.09.2005 - Melding frå NVE - flaumvarsel
Det er varsla flaum komande døgn. Les heile meldinga her.
13.09.2005 - Stortingsvalet 2005
Resultatet frå Gulen er klart. Valdeltakelsen vart på 78,5%. På www.valgresultat.no finn du detaljane.
05.09.2005 - Fjordaferd i Gulen 19 og 20.september
Kystmuseet i Sogn og Fjordane kjem på fjordaferd med veteranbåten "Atløy". Det vert utstillingar om fiskaren og bonden sitt liv, ulike slag produkt for sal.
31.08.2005 - Stortingsvalet 12. september
Kommunalt infoskriv nr 5/05, som ligg under Skjema og dokument til venstre i menyen, under Infoskriv, inneheld opplysningar om det meste du treng vite av lokale opplysningar om stortingsvalet 12. september. Dei offisielle nettsidene for stortingsvalet er å finne på adressa www.valg.no.
29.08.2005 - Spreiing av husdyrgjødsel i Gulen kan skje fram til 20. september
Gulen kommune ved hovudutvalet for plan og utvikling har vedteke å utvide fristen for spreiing av husdyrgjødsel til 20. september i år. Kommunane har no fått høve til å utvide den generelle fristen, medan slik utviding før måtte skje etter særskilt søknad om dispensasjon.
Etter 20. september kan spreiing berre skje etter særskilt søknad om dispensasjon. Skjema ligg under "Skjema og dokument" i venstre meny på denne sida, under kategorien Landbruk.
29.08.2005 - Opninga av Tusenårsstaden Gulatinget - sjå omtalen i avisene
Storhendinga som gjekk føre seg i helga, med opninga av Tusenårsstaden Gulatinget, er omtala i massemedia. Klikk på Søk-knappen under Kvasir Nyhetsssøk til høgre under omtale av Gulen kommune, så får du opp fleire interessante artiklar....
29.08.2005 - Fagmøte om hjort 7. september
Møtet finn stad på Brekkestranda fjordhotell kl 19.30, og er ope for alle interesserte. Arr: Faglaga, Gulen kommune og Planteforsk
25.08.2005 - Guidekurs i Ytre Sogn og Sunnfjord
Stiftinga Jensbua, som driv reiselivsutvikling i HAFS-området, inviterer til guidekurs med oppstart 17. september. Kurset inneheld tre helgesamlingar, er rimeleg og har eit godt fagleg innhald. Noko for deg?
22.08.2005 - Betre mobildekning i Brekke
Telenor melder om at det vert sett opp ny GSM basestasjon på Sætre i løpet av august. Stasjonen skal gje betre mobildekning i Brekke og langs E39
20.08.2005 - Den offisielle opninga av Tusenårsstaden Gulatinget
....skjer i helga 27. til 28. august. Fylg med på nettsida www.gulatinget.no, som vert fortløpande oppdatert med ferske meldingar, artiklar, foto og anna. Programmet for dagane finn du her:
22.07.2005 - Møteplan for politiske møte hausten 2005
04.07.2005 - GOD SOMMAR
Gulen kommune vil ynskje alle brukarar av heimesida vår ein god og solfylt sommar. Heimesida vår vert ikkje like ofte oppdatert framover grunna ferieavvikling.
01.07.2005 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Vi søkjer leiar til plan, landbruk og teknisk (søknadfrist 25/7), og pedagogisk leiar i barnehage (søknadsfrist 18/7).
28.06.2005 - Sal av kommunale hjorteløyve
Gulen kommune har 2 eigedommar som er med i aktive hjortevald.
28.06.2005 - Protokoll frå møte i kommunestyret 16.06
Protokollen finn du under menyen til venstre Skjema og dokument
10.06.2005 - Offentleg ettersyn - kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet
Plan for idrett og fysisk aktivitet for dei neste fire åra ligg no ute til offentleg ettersyn fram til 3. juli. Tiltak i Gulen som treng finansiering frå spelemidlane må vere inkludert i det fireårige handlingsprogrammet i planen, som skal vedtakast av kommunestyret til hausten.
07.06.2005 - Interkommunal nemnd for dyrevern
I samband med oppretting av Mattilsynet i 2004 vart det oppretta ei interkommunal nemd for dyrevern. Under skjema og dokument, dyrevern kan du lese kven som er Gulen kommune sine medlemmer i nemda.
19.05.2005 - Strategi for vidare utbygging av breiband
Utfordringane er ekstremt store i Gulen når det gjeld å skaffe breiband til alle. Gulen er mellom dei ti mest grisgrendte kommunane i heile landet, målt etter kriteria i inntektssystemet. Kommunestyret har no vedteke at det skal hentast inn tilbod på utbygging av heile kommunen. Heile saka og vedtak finn du under skjema og dokument under møtepapir - Gulen kommunestyre.
19.05.2005 - Rassikring på topp
Gjeldande fylkesvegplan går ut i 2005, og det skal lagast ny plan for perioden 2006-2009. Gulen kommunestyre skal komme med innspel til prioriteringar. I møte 10.05.05 vart rassikring fv. 1 Brekke - Instefjord gjeve 1.prioritet.
18.05.2005 - Vårteljing hjort i Gulen
Dette er sjette året med hjorteteljing på innmark i Gulen. Resultat frå alle teljingane finn du under skjema og dokument, viltforvaltning.
12.05.2005 - Arbeidslivstelefonen - nyttig for alle aktørar i arbeidslivet
Arbeidslivstelefonen - 815 44 544 - er ei lavterskel telefonteneste for alle med spørsmål knytt til arbeidslivet.
12.05.2005 - Beredskap i kvardagen
Tenkjer du sikkerheit i kvardagen ?? Ved å iverksetje enkle førebyggande tiltak kan du begrense uønska hendingar. Under skjema og dokument - kapittel beredskap i krisesituasjonar kan du lese ei informasjonsbrosjyre DAGROS som er gjeve ut av direktoratet for sivil beredskap.
11.05.2005 - Kan du tenke deg ei deltidsstilling ??
Behovet for fleire tilsette innan pleie og omsorgssektoren i kommunen er stort. Kanskje du kan tenke deg ei helgestilling ?
08.04.2005 - Ny portal for kommunale fyrtårn
Den nasjonale strategien for elektronisk samarbeid i helse- og sosialsektoren, S@mspill 2007, peikar på behovet for ei nasjonal satsing som skal bidra til ei samordna utvikling av elektronisk samarbeid med og innan kommunal helse- og sosialtjenesta.
08.04.2005 - Erstatning for tap som fylgje av manglande veterinærvakt
Statens Landbruksforvaltning har gjort den kommunale og fylkesvise forvaltninga merksam på at Midlertidig forskrift om erstatning for tap som fylgje av manglande veterinærvakt fortsatt er gyldig.
04.04.2005 - Møte i Gulen kommunestyre 07.04.05
Møtet er ope og vert halde i Gulasalen på kommunehuset. Sakliste og sakspapir ligg under "Skjema og dokument" i menyen til venstre.
30.03.2005 - Ledig stilling - Gulen Fiskarbondemuseum
Stillinga som dagleg leiar ved Gulen Fiskarbondemuseum er ledig.
22.03.2005 - Bøndene får nytt kart over eigen gard
Bønder i Gulen kommune får i løpet av forsommaren eit nytt kart over eigedomen sin. Landbrukskontoret vil sende ut eit gardskart som viser korleis den dyrka marka fordeler seg på dei einskilde landbrukseigedomane.
22.03.2005 - Viltkartlegging i Gulen
Gulen kommune har i Hovudutval for plan og utvikling, sak 0088/04 vedteke å gjennomføre viltkartlegging i kommunen. Formålet med ei viltkartlegging er å få kartfesta og dokumentere kva område som er viktigast for viltet dvs. alle typar vilt som er definert etter viltlova (landlevande pattedyr, fugl, amfibiar og krypdyr). Våren 2005 skal ein starte opp med slik kartlegging i Gulen.
22.03.2005 - Stem på Gulatinget !!
I samband med hundreårsmarkeringa for oppløysinga av unionen med Sverige vert folk oppmoda om å stemme på favorittstad.
14.03.2005 - Suveren brassinnsats frå Gulen-korps!
Brekke skulemusikkorps gjekk heilt til topps i 2. divisjon brass med sterke 95 poeng under fylkesmeisterskapen for korps i Måløy i helga. Byrknes skulemusikk var ikkje mykje snauare, og toppa 3. divisjon med 94 poeng. Berre Florø skoles musikkorps i 1. divisjon hadde høgare poengsum enn dei to Gulen-korpsa.
Dette var imponerande - Gulen kommune gratulerer!
11.03.2005 - Påmelding til Jegerprøven i Gulen
Alle førstegongsjegarar må ta obligatorisk jegerprøve.Obligatorisk jegerprøve er eit obligatorisk praktisk kurs på 30 timar og avsluttande eksamen.
10.03.2005 - Teljing av hjort på innmark våren 2005 i Gulen kommune
Dette vert sjette året vi føretek hjorteteljing på innmark i Gulen....
10.03.2005 - Vår-rydding i Gulen 2. april (NGIR)
Skal du kaste større gjenstandar, kan du levere dei på NGIR si årlege vår-rydding. Vår-ryddinga er eit tilbod til hushald og hytteeigarar.....
04.03.2005 - Kystsogeveka i Gulen 2005 – kva får vi oppleve?
Kystsogevekene i Hordaland og Gulen går i år av stabelen i perioden 18. august til 30. september. Etter arbeid gjennom fleire år har vi fått ei god og "hard kjerne" av kystsogeveke-arrangement som vi gler oss like mykje til kvart år: Dahl-dagen i Eivindvik, Håkonarspelet, Rekebordet på Furenes, dei opne dagane på Sellevåg Treskofabrikk og Vassbruksmiljøet på Takle..... Vi kjenner oss trygge på at vi får høve til å vitje desse tilskipingane i år også…..
03.03.2005 - Desse gjekk vidare til UKM sin fylkesfinale 8.-10. april i Florø:
Ungdomsrådet i Gulen kommune inviterte tysdag den 1. mars til UKM-arrangement i Bålen Samfunnshus. 50 spente publikumarar møtte fram.
28.02.2005 - Folketalsutvikling i Gulen
SSB sin folketalsstatistikk viser i 4.kvartal 2004 ein auke i folketalet i Gulen.
28.02.2005 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Her finn du oversikt over diverse ledige stillingar i Gulen kommune. Søknadsfrist 10.03.05.
24.02.2005 - Årsmøte i Gulen hjorteutval 09.03.05
Det vert årsmøte i Gulen hjorteutval på Gulatun grendahus 09.03.05 kl 19.30. Finn Olav Myren frå utmarksprosjektet, Sogn og Fjordane Skogeigarlag, kjem og legg fram tal og kunnskap frå SETT HJORT i Gulen. Elles står vanlege årsmøtesaker som val og drøfting av arbeidsplan på programmet.
17.02.2005 - Unionsmarkering Noreg 1905 - 2005
I Sogn og Fjordane er det laga ei oversiktssida for Unionsmarkeringa Noreg 1905 – 2005. Dette er interessant stoff om det som skjer i Sogn og Fjordane – og i vår kommune!
09.02.2005 - Brekke får breiband 1. juli
Enivest AS vil ha klart eit ADSL-tilbod til bedrifter og privatkundar i Brekke 1. juli i år. Med denne utbygginga har alle skulebygdene i Gulen fått breiband. Utifrå røynslene andre stader i Gulen, kan det vere mogleg for abonnentar som ligg heilt opp til 9 km frå telefonsentralen å få tilgang til breibandet. Sjå heimesida www.enivest.no for meir info om tilbodet.
09.02.2005 - Varsel om høg vannstand
Torsdag er det risiko for høg vannstand på strekninga Stavanger til Grense Jakobselv.
13.01.2005 - Samla strategiplan for landbruket 2005-2008
Kommunestyret vedtok i november 2004 tiltaksstrategiar for landbrukssektoren for perioden 2005 - 2008.
13.01.2005 - Møte om organisering av storvald. Informasjon om Sett hjort
Møtene vert halde på Sande og på Brekkestranda 20.januar 05.
11.01.2005 - Beredskap i krisesituasjonar
Kommunane har eit særleg ansvar i krisesituasjonar. Under Skjema og dokument kan du finne utdrag av kommunen sin beredskapsplan - Plan for kriseleiing. Her kan du lese om kommunen sin rolle i ein krisesituasjon.
04.01.2005 - Søknad om skjenkeløyve
Søknadsskjema har vore etterspurd av publikum. Det er no utarbeidd eige skjema som kan nyttast når ein søkjer om skjenkeløyve til arrangement. Skjemaet finn de under menyen til venstre Skjema og dokument.
02.01.2005 - Oppfølging i samband med flodbølgekatastrofen i Søraust Asia.
Kommunane skal koordinere innsatsen i forhold til berørte personar i kommunane. Kommunen er pr. idag ikkje kjend med at nokon av innbyggjarane i Gulen kommune er direkte berørt av katastrofen.
29.12.2004 - Plan for viltforvaltning i Gulen 2002 - 2007
er lagt ut som "Skjema og dokument" i venstre meny. Du finn planen under "Viltforvaltning".
22.12.2004 - Politiske møter første halvår 2005
Her finn du oversikt over møtdatoar for dei ulike politiske utvala.
22.12.2004 - God Jul og eit Godt Nytt år
ynskjer vi alle brukarar av Gulen kommune si heimeside.
13.12.2004 - Resultat frå hjortejakta 2004
Det vart tildelt 506 hjorteløyver for jakta 2004. Seks av desse løyva vart tildelt som ekstraløyver til Storvalda, Midtre Gulen Hjortevald og Gulen Nordvest Hjortevald.
Ekstraløyva vart ikkje tekne i bruk for inneverande jaktsesong.
Samla avskyting for heile Gulen kommune vart 402 hjortedyr, dvs.79% av tildelt kvote.
Av dette vart felt 76 kalvar og 326 voksne dyr.
I år er andre året med retta avskyting etter § 15, dvs retta avskyting på kalv (ca 20%), vaksne hodyr (ca 40%) og vaksne hanndyr (ca 40%)
Storvalda fekk i år 2003 tildelt fellingsløyve etter godkjent bestandsplan over 3 år.
Samla resultat finn de ved å gå til "Skjema og Dokument"
30.11.2004 - Konsertprosjektet "Glad Day" – Gulen kyrkje laurdag den 4 desember kl.16.00
Musikken tek oss med inn i London på 1700-talet, der brutal industrialisering, fattigdom, von, tru og tvil står som grelle kontrastar til kvarande, i ei tid då uskuld og ny erfaring vert sett på prøve.
25.11.2004 - Budsjettbehandlinga er i gang
Kommunen har sidan 2002 drive eit intensivt og omfattande arbeid med å tilpasse drifta til nye og mindre rammer. Det vert arbeidd jevnt og godt, men vi kan diverre konstatere at utgiftene veks fortare enn vi klarer å redusere drifta. Den økonomiske hestekuren er diverre ikkje over.
04.11.2004 - Klarsignal for utbygging av Kløvtveit kraftverk
Styret i BKK gav i dag klarsignal for utbygging av Kløvtveit kraftverk i Gulen - den største kraftutbygginga i Gulen kommune nokon gong. Utbygginga fører også til sikrare straumforsyning i området.
25.10.2004 - Rosande omtale av Dalsøyra skule
Dalsøyra skule er blant dei fem beste i landet på å legge skulekvardagen til rette for multifunksjonshemma born.
06.10.2004 - Gassrørledning Kollsnes - Mongstad
Til offentleg ettersyn ligg no ute høyring av melding med forslag til konsekvensutredningsprogram. Høyringsfrist er sett til 10.11.2004.
22.09.2004 - Haustfestar i 4H !
- Firkløveren 4H - 26.09. kl 13 30 i Ikjefjorden grendahus.
- Havgula 4H - 16.10. i Breidvik og Bålen grendahus.
- Vårvon 4H - 30.10. på Dalsøyra.
- Kvitveisen 4H - 31.10. i Brekke.
12.09.2004 - Atløy på fjordaferd til Gulen
Open båt - Sal av fisk og landbruksprodukter - Utstillingar
10.09.2004 - Kunstveke Eivindvik Fjordhotell
Salsutstilling i perioden 27.09 - 03.10
06.09.2004 - Korleis dekke energiforbruket i Gulen kommune i framtida?
Nettselskapa her i landet er pålagde å lage til ei Energiutgreiing for kvar kommune. Styresmaktene ønskjer på den måten å bidra til at folk, næringsliv og alle offentlege og private instansar i kommunen skal få betre kunnskap om status og moglegheiter når det gjeld alternativ dekking av energitrongen i kommunen. Tanken er at god informasjon til alle aktørar vil gje betre grunnlag for å gjere rette val.
06.09.2004 - Planen for næringstiltak er godkjent!
Kommunal- og Regionaldepartementet har no godkjent Sogn og Fjordane sin plan for 2004 for bruk at næringstiltak etter bortfall av den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Godkjenninga gjeld i fyrste omgang 39 mill. kr for 2004. Det er varsla nye løyvingar i statsbudsjettet for 2005.
01.09.2004 - TV-aksjonen 2004
TV aksjonen skal gjere samfunnet varmare og romslegare. Dei innsamla pengane under TV-aksjonen 2004 skal gå til kampen mot psykisk og sosial naud. 85 prosent av pengane skal gå til tiltak som gjer samfunnet vårt varmare og romslegare, resten til barn som har fått traume av krig og konfliktar i andre delar av verda.
16.08.2004 - Gulatingseminaret 2004
Næringsutvikling og aktivitetar knytta til Tusenårsstaden. Dette er tema for årets Gulatingseminar som vert arrangert i Eivindvik 27-28 august.
16.08.2004 - Super-symjaren i land!
Presis kl. 13:00 sundag føremiddag steig Lewis Gordon Pugh i land i Eivindvik, etter si over 20 mil lange svømmereise ut sognefjorden.
12.08.2004 - Viktige endringar vedk. søknad om produksjonstilskot
Vi vil oppmode gardbrukarane om å sette seg inn i desse endringane kva vedkjem produksjonstilskotet
30.07.2004 - Politiske møte andre halvår 2004
30.07.2004 - Sal av kommunale hjorteløyve
Gulen kommune har to eigedommar, på Rørtveit og prestegarden i Eivindvik, som er med i aktive hjortevald.
20.07.2004 - Kunne du tenkje deg ein helgejobb?
Pleie- og omsorgssektoren treng pleiepersonell. Gulen kommune har m.a. skrive eige brev til Gulen-ungdom frå 17 til 20 år for å prøve å få rekruttert fleire omsorgsarbeidarar.
01.07.2004 - Sommarferie
Det er sommarferie, også for dei tilsette i Gulen kommune
15.06.2004 - Nytt frå landbrukskontoret
Ny informasjon om miljøplan, spreieareal og ureining finn du her
15.06.2004 - Sommarferie i kyrkje og bibliotek
15.06.2004 - Ny tuberkolose-test
Frå 1. juli 2004 er det slutt på Pirquet-prøve som test for tuberkolose-status. Frå dette tidspunktet er det ein test ved namn Mantoux som er gjeldande
14.06.2004 - Ny rettleiar i tilskotsjungelen
Nettstaden www.tilskudd.no er opna for å hjelpe deg å finne fram i jungelen av dei ulike tilskotsordningane som faktisk er tilgjengeleg for lag og organisasjonar, verksemder eller privatpersonar.
10.06.2004 - Ledige stillingar
Det er nye stillingar ledige i Gulen kommune
27.05.2004 - Teljing av hjort i innmark 2004
I år er det femte året Vårteljinga av hjort vart utført i Gulen. Med i alt 11 teljeruter som dekker all køyrbar veg, og eit mannskap på 2 personar kvar kveld over 3 fredagkveldar/netter i april, syner at det er eit stort apparat som er sett i sving for å registrere hjorteviltet i kommunen
25.05.2004 - Namnsetting av vegane i Gulen og Nordhordland
For mellom anna å gjera det lettare for ukjende å finna fram i regionen, har Regionrådet tilrådd og kommunestyra i Nordhordland og Gulen vedteke at alle bustadhus, hytter, verksemder o.l. skal få offisielle adresser. Før det kan skje, skal kommunestyra fastsetje namn på vegane. Kommunane og Regionrådet ønskjer tilbakemeldingar til framlegga, gjerne også nye framlegg. Les vidare for nærare informasjon.
23.05.2004 - Kjempeframmøte for Håkon Njøten
Over 700 fann vegen til Eivindvik for å ta i mot Håkon Njøten. Og jubelen eksploderte då IDOL-helten entra scena
10.05.2004 - Lettare tilgjengelig kartsystem
Gulen kommune sitt kartsystem er no gjort lettare tilgjengelig, via eige menyval på opningssida
05.05.2004 - Spennande prosjektstilling ledig i Eivindvik
For å få utført arbeidet med å overføre data i gravkartotek til elektronisk database har Gulen Kyrkjelege Fellesråd oppretta ei 3-årig prosjektstilling
03.05.2004 - Lyst på jobb i Gulen musikkskule?
Gulen musikkskule har ledig ca. 15 % stilling frå hausten 2004
30.04.2004 - Årsmelding for Gulen kommune på nett
Gulen kommune si årsmelding for 2003 er no lagt ut for gjennomlesing på nettet.
30.04.2004 - Bustadhus for sal i Eivindvik
Gulen kommune har for sal tidl. kommunal bustad sentralt i Eivindvik. Huset vert totalrenovert, delvis etter kjøpar sine preferansar.
30.04.2004 - Ledige stillingar i Gulen kommune
Sjå oversikt over ledige stillingar her
22.04.2004 - Utlysing av tilskot til særskilde miljøtiltak i landbruket
SMIL er forkortinga på kommunane si nye tilskotsrodning til særskilde miljøtiltak i landbruket. Søknadsfrist for ordninga er 25. mai. Les meir her
16.04.2004 - Møte i hovudutval for oppvekst
Hovudutval for oppvekst har møte på Brekke skule 22. april kl. 14:00
15.04.2004 - Aksjon "Ta eit tak 2004"
Norsk kulturarv har lansert aksjonen "Ta et tak 2004"! Fokuset denne gong er på støls- og setermiljø (ulike typer hus, stuer, fjøs, uthus og diverse andre bygningar knytta til seter- og stølsdrift). Nytt av året er muligheten til å sende inn søknaden via nettet.
14.04.2004 - Utvikling av det interkommunale samarbeidet i HAFS-regionen - Høyring
Kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad og Solund i samarbeid med konsulentfirmaet KPMG har starta eit arbeid med sikte på å utvikle eit tettare interkommunalt samarbeid i regionen. Det er utarbeidd ein forprosjektrapport som no vert lagd ut til open høyring.
01.04.2004 - Kystsogevekene i Gulen
Programmet til Kystsogevekene 2004 i Gulen er no klart. Du finn det her.
31.03.2004 - Vårteljing av hjort i Gulen
Den etterkvart tradisjonelle vårteljinga av hjort vil føregå i desse dagar
26.03.2004 - Lyst å byrje i musikkskulen?
No finn du informasjon om Gulen musikkskule her på nettet. Du kan også laste ned søknadsskjema.
23.03.2004 - Rapportering frå "Sett hjort"-registringane i Gulen 2003
Målet med rapporteringssystemet SETT HJORT er å gje jaktvalda i kommunen tilbakemelding og oversyn. 2003 var første året for ordninga.
23.03.2004 - Gulen-korps imponerte stort!
Korpsa frå Brekke og Byrknes imponerte stort i fylkesmeisterskapen i Florø. Brekke Skulemusikk innkasserte sigeren....
16.03.2004 - Ledige plassar i barnehage, SFO og musikkskulen hausten 2004
Det er ledige plassar ved alle tilboda frå hausten.
15.03.2004 - Samling for odelsberettiga
10.03.2004 - Prosjekt Interkommunalt samarbeid
Kommunane i HAFS regionråd, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen, har starta eit utgreiings-prosjekt med tanke på utvida interkommunalt samarbeid
08.03.2004 - Breiband til Eivindvik i sommar
Enivest AS vil i løpet av sommaren ha installert breiband i sentralen i Eivindvik.
03.03.2004 - Det beste i livet er gratis ...på biblioteket
Du visste kanskje ikkje om alt du finn på biblioteket ditt??
03.03.2004 - Midlar til bygdeutvikling (BU)
Det vert invitert til informasjonsmøte om gjeldande forskrifter for stønad til bygdeutvikling på Brekkestranda Fjord Hotell.
25.02.2004 - Påmelding til jegerprøva 2004 i Gulen kommune
Alle førstegongsjegerar må ta obligatorisk praktisk kurs på 30 timar og avsluttande skriftleg eksamen. Oppedal/Brekke Skyttarlag og Gulen Jeger- og Sportsfiskarlag vil i samarbeid halde obligatorisk praktisk jegerprøvekurs for alle interesserte.
23.02.2004 - Gamle ting til nytte....
Gulen sjukeheim arbeider for tida for å organisere erindringsgrupper for alle pasientane. Målet er mellom anna å stimulere alle sansar, hukommelse og andre ulike funksjonar.
18.02.2004 - Føredrag om SETT HJORT
Gulen hjorteutval har ope møte om verktyget SETT HJORT i Gulatun grendahus på Oppedalsøyra laurdag 28.02. kl. 14:00
11.02.2004 - Barnerepresentant i Gulen-politikken
Kommunestyret i Gulen skal oppnemne ein barnerepresentant (BR) frå administrasjonen. BR skal delta i hovudutval for plan og utvikling, for å sikre at barn og unge sine interesser vert ivaretatt i planar etter plan- og bygningslova bl.a. når det gjeld barn sine leike- og opphaldsarealer og skulevegar.
06.02.2004 - Trygg skuleveg i Brekke
Endeleg skal det bli sikrare skuleveg for elevane på Brekke skule. Den nye gang- og sykkelvegen skal byggast i løpet av året.
06.02.2004 - LOV til å spørje og krav på svar om miljøet
Den nye miljøinformasjonslova trådte i kraft 1. januar 2004. Loven gjev innbyggarane rett til opplysningar frå offentlege myndigheiter og private verksemder om forhold som er viktige for miljøet.
19.01.2004 - Gebyrauke for kommunale tenester
Gulen kommunestyre har vedteke auke i gebyra for ein del kommunale tenester
19.01.2004 - Resultat frå Fjelltrimsesongen i Eivindvik 2003
Her finn du fullstendig resultatliste frå Eivindvik Idrettslag
07.01.2004 - Resultat frå hjortejakta 2003
Det vart tildelt 506 løyver for jakta 2003. Seks av desse løyva vart tildelt som ekstraløyver til dei to nye storvalda, Midtre Gulen Hjortevald og Gulen Nordvest Hjortevald.
06.01.2004 - Landbruksvikar - Endra satsar for 2004
For å få større etterspurnad etter landbruksvikaren, vart det i kommunestyret den 18. desember 2003 vedteke å setje ned kostnaden på leiga på landbruksvikar
06.01.2004 - Registrering av oter, villmink og vannspissmus
Norsk institutt for naturforskning (NINA), ber kommunen om hjelp til å samle informasjon om forkekomst av oter, mink og vannspissmus i områder med forsuring av vassdrag
15.12.2003 - Kontakt NGIR direkte i 2004
Frå 1. januar 2004 tok NGIR over alle oppgåver innan renovasjon.
11.12.2003 - O - skulen - Informasjon til sauebønder
O - skulen er eit helgekurs for sauebønder og er ei komprimert utgåve av Saueskulen som til no har vore arrangert fire stader i fylket
10.12.2003 - Budsjett og økonomiplan til gjennomsyn
Budsjett 2004 og økonomiplan 2004-2007 ligg no til gjennomsyn under "Skjema og dokument"
09.12.2003 - Klart for breiband på Daløsyra
Alt er no klart for breiband på Dalsøyra. Du finn meir informasjon under Skjema og dokument til venstre
09.12.2003 - Forbetra kommuneside
To viktige nye funksjonar er no lagt til desse sidene. Dette gjer sidene mykje meir dynamiske og nyttige.
02.12.2003 - Velkomne til ny ekspedisjonsavdeling
Gulen kommune har fått ny ekspedisjonsavdeling, og opner i desse dagar ny resepsjon
01.12.2003 - Grønt lys for fastlandssamband i Ytre Gulen
Øyane i Ytre Gulen får fastlandssamband i 2005. I framlegget til fylkesbudsjett for Sogn og Fjordane er det neste år sett av 30 millionar kroner til veganlegget som vil knyte 600 personar på øyane lengst vest i Gulen til fastlandet
15.10.2003 - Agnes flyttar frå sjukeheimen
Etter tre og eit halvt år på Gulen sjukeheim kan Agnes Strand flytta ut og til eigen omsorgsbustad. Flyttinga er ein positiv effekt av den store omorganiseringa av pleie- og omsorgstenesta i Gulen kommune
15.10.2003 - Byrknesøy i bygdeportalen
Byrknesøy, ytterst i Gulen, er no å finne i HAFS Bygdeportal med fyldig informasjon.
07.10.2003 - Gulen kommune og politiet slår hardt ned på ulovleg jakt
Gulen kommune har diverre fått fleire tilbakemeldingar om at det foregår ulovleg jakt. Dette tek vi særs alvorleg
03.10.2003 - Gulen ungdomssråd 2003-2004
Gulen ungdomsråd vart konstituert i sitt første møte for perioden 2003-2004
26.09.2003 - Verdig tjuvstart for ildsjelene
Det var på årets siste sommardag at folket igjen inntok Gulatinget
17.09.2003 - Trude Brosvik held fram som Gulen-ordførar
Trude Brosvik (KrF) tek til på sin andre periode som ordførar. Dette er klart etter at forhandlingar om konstituering er avslutta.
16.09.2003 - Krossteigen opp og fram
Den historiske Krossteigen midt i Eivindvik har dei siste åra ikkje vore i sin "fordums prakt". No skal ei eiga arbeidsgruppe sjå til at området, som eigast av Gulen kommune, skal førast attende til sin opphavlege stand.
12.09.2003 - -Takk for innsatsen!
Gulen kommunestyre 1999-2003 hadde sitt siste møte 11. september
11.09.2003 - Låge levekårsproblem i HAFS
HAFS-kommunane kjem godt ut i levekårsunderøkelsa frå Statistisk Sentralbyrå. I særklasse er Solund og Gulen...
08.09.2003 - Oljeverndepot til Gulen
Eit nytt oljeverndepot blir no ein realitet på Byrknesøy i Gulen. Etableringa er eit samarbeid mellom Hyllestad, Solund og Gulen og 19 kommunar i Hordaland.
25.08.2003 - -Et magisk sted fullt av energi
- Dimensjonene er det store emnet verdig. Dette seier tidligere høyesterettsjustitiarius Carsten Smith om Tusenårsstaden Gulatinget i eit intervju i Advokatbladet.
12.08.2003 - Informasjon frå fastlegane i Gulen
Regjeringa har diverre bestemt at legerefusjon med omsyn til reseptar/henvisning til spesialistar/fysioterapeutar etc. ikkje lenger skal betalast av Staten, men av pasientane
05.06.2003 - "Gulen gjennom århundrer"
Det er starta eit spennande prosjekt for å lage eit historisk nett-leksikon for Gulen kommune. Les meir her.
27.05.2003 - Mot felles legevaktteneste i Gulen og Solund
Det går mot ei felles legevakt for Gulen og Solund kommune.
16.05.2003 - Kartlegging av biologisk mangfald i HAFS-kommunane
Kartlegging av biologisk mangfald skjer etter direktiv frå sentrale styresmakter, og skal gjennomførast i heile landet. Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Fylkesmannen har utgreidd eit sett retningsliner for arbeidet. Mange kommunar har alt utført dette arbeidet, og i sommar skal det registrerast biologisk mangfald i HAFS-regionen.
16.05.2003 - Kommunedelplan for hyttebygging i Gulen
Gulen kommune tek initiativ til eigen kommunedelplan for hyttebygging i Ytre Gulen
02.05.2003 - Felles økonomisystem i HAFS og Sunnfjord
Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen, Jølster, Gaular, Naustdal og Førde har ingått millionavtale om økomisystem. Avtalen vert sett på som banebrytande innan interkommunalt samarbeid.
07.04.2003 - Nye opningstider ved Gulen Folkebibliotek
I samsvar med vedtak i kommunestyret gjeld desse opningstidenene ved bibioteka i Gulen:
21.03.2003 - Innsamling til skulemuseum i Gulen
Elevar ved Dalsøyra Skule er i full gang med å lage skulemuseum på Oppdalsøyra. Gamle Oppdal skule fekk i haust atter oppleve liv og røre innomhus og utomnhus.
21.02.2003 - Plan for viltforvaltninga i Gulen
Kommunen har overteke ansvar og myndigheit frå fylkesmannen og jaktrettshavarane har fått større ansvar for det praktiske forvaltningsarbeidet. Dei statlege reguleringane er ikkje så detaljerte som tidlegare og jaktrettshavar si rettssikkerheit er styrka. Plan for viltforvaltninga er å lese her.
19.02.2003 - Transporttilskot for ungdom
Ungdom i Gulen som arrangerer discotek, konsertar og teaterframsyningra har ein moglegheit få veit om.....
19.02.2003 - Kulturmidlar for born og unge
Gulen sine kommunale kulturmidlar vert no øyremerka born og unge.
13.02.2003 - Nye gebyrsatsar for kommunale tenester.
Kommunestyret vedtok i møte 30.12.02 nye avgiftssatsar for Gulen kommune i 2003.
28.01.2003 - Vellukka psykiatri-opptrapping i Gulen
12 hjelpepleiarar i Gulen har gjennomført vidareutdanning i psykiatri, og kunne i dag ta i mot vitnemåla sine. Dette er eit godt døme på bruk av statlege opptrappingsmidlar innan psykiatrien.
24.01.2003 - Spelemidlar til mindre nærmiljøanlegg
Kultur- og kyrkjedepartementet sett av delar av overskotet frå spelemidlane til ei forenkla ordning knytt til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg.
22.01.2003 - Historia om Gulatinget mellom to permar
Gulatinget er Tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Med denne praktfulle boka har Gulatinget fått si velfortjente merksemd som ein grunnstein i vår moderne historie.
26.11.2002 - Postveg gjennom Gulen i nasjonal verneplan
Parsellen av Den Trondhjemske Postvei gjennom Gulen kommune er innlemma i nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminne. Planen er utarbeida av Statens Vegvesen og Riksantikvaren, på oppdrag frå Samferdsledepartementet.
|